Smörgåsbord

06:57 i går tidleg, frukost Synnestyle
Som den notoriske globetrottaren eg no eingong er, fann eg det for godt å fly meg ein til tur til Oslo. Som engsteleg vestlending har eg hatt mellomstore problem med hovudstaden tidlegare – den har kun gitt meg ein kald skulder å gråte på. Eg kan no melde om ei betring i forholdet mellom Arild & Oslo, mykje takka vere K. m/fam og ein heise fin konferanse om personlegdomsforstyrringar. No skal det psykologiserast! (og kanskje skal eg våge meg til Oslo att).