Der, ikkje her


OK, det er litt vanskeleg å få posta nye bilete nett no, då eg er på filmgaleien att. Eg må finne ein måte å skremme mellomformatnegativa inn i Mac´en. Det har hopa seg opp med Hasselblad for tida, eg sit no på eit Hasselblad 500c, eit Hasselblad 500c/m, to Zeiss Planar 80/2.8, eit Zeiss Distagon 50/4 – og tre bakstykke. Må nok kvitte meg med ein del, men først skal det leikast.