Irr! Grønt.


Traudalsvatnet, ein gløppar ror inn i solas siste skarpe strålar

I dag var det så mildt og fønvindaktig at eg sat meg ned og laga lumske langfriplanar for dei varmare vekene av året. Elles må det nemnast at denne januarmånaden i all sin insisterande seighet mest av alt har minna om ei klassisk femmil av det gamle slaget (snittlengda på femmilene på femtitalet, til dømes, var som kjent sju mil, alltid i motvind og oppoverbakke). Men no er det snart februar.


Rakettvitskap — Merkelappar: , , , , , — Arild @ 26. januar, 2009






Gode ektefolk / ekte godtfolk


Kenneth + Beate = sant! Knipsa før dei sykla frå kyrkja i går ettermiddag

Vel, kva kan ein seie? Eg er ein heldig herremann. I går fekk eg vere forlovar i bryllaupet til K & B (og S.). Det var stor stas og gedigen festivitas. (Eg tok berre ei handfull bilete, då eg hadde andre oppgåver, men her er no eit minne). Gode dagar!


Rakettvitskap — Merkelappar: , , , — Arild @ 13. april, 2008






Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity