
Sandanejul, her i 2007-drakt
Grisen er slakta, snøen har falle, skia har fått klister og Varden har blitt besøkt. Det vart jul i nordfjord i år òg. No gjenstår det berre å pakke inn gåvene og opparbeide seg ein dugande appetitt til julemåltidet. God jul alle saman, og takk for besøket!

God asfalt, Sandane. Knipsa frå brett i fart (med Ryssdalshornet i bakgrunnen)
Dvergdagar, dagar så korte at dei ikkje heilt når opp i konkurranse med dei lange, lyse. I sommar fann eg ein del god longboardasfalt på Sandane, driv å pakkar fotoutstyret no for å reise opp att for julepølselaging med slekta – men longboardet må nok stå att heime.
(som kartentusiast utan retningssans legg eg ut longboardløypa under, så veit du og eg kor eg har vore)
(meir …)

Fløy en liten blåfugl / Fløyen – liten blåtur
I den stolte norske forteljartradisjonen «då var eg der, no er eg her» er vi i dag kome til forteljinga om Fløyen, Revurtjern og Brushytten. Det var kaldt, det snødde, det var fint og no er eg heime.