Samandragssamarbeid

Etter oppmoding har eg samla dei ulike samandragsbidraga eg fann i innboksen min. Takk til ulike kullingar for gode bidrag. (trykk på titlane for å laste ned samandraga i PDF-format)

Artikkelsamandrag

Samandrag av Eysenck & Keane – kap. 2-10 & 14-18

Samandrag av Gazzaniga m. fl., kap. 3-7 & 12

Elisabeth sitt Plous-samandrag (kap. 1-15 samt 19-21)

Enjoy!

(Oppdatering 24/11: Har lagt til Anniken sitt Schwartz-samandrag i artikkelsamlinga)
(Oppdatering 28/11: Monica & Tonje sitt samandrag av kap. 6 i Eysenck & Keane er lagt til)


Psykologi — Arild @ 23. november, 2004






Om eg var ein vismann – sudel-duddel-duddel-li..

Ein prøver etter fattig evne å få knota ned ei teoretisk oppgåve om kognisjon. Det viser seg plutseleg at ein sit og skriv om generelle metafysiske teoriar om sjelas ontologi – og det kan no ikkje vere så gale.


Psykologi — Arild @ 28. oktober, 2004






Cellulosen vender tilbake, III

Ah, alltid fleire bøker. Det er mogleg at det er hausten som gjer det, ikkje veit eg, men det hopar seg i alle fall opp med bøker her heime. Nett no flyt det rundt bøker over alt, ser ut som ein bokbåt i hardt veir. Berre den siste veka har eg fått desse bøkene i hende:

Vidare har eg lånt meg In the american west og An autobiography av Avedon, samt sjølvmord i skilpaddekafeen og Vegen smal og porten trang av R. H. Og som om ikkje det var nok kjem Susan Sontags On photography i norsk versjon om nokre dagar.

Det eg eigentleg prøver på er å lese ferdig Dans, dans, dans av Murakami – men eg ser at det kan bli ei stund til enno.


Fotografering,Litteratur,Psykologi — Arild @ 12. oktober, 2004






Konstig intelligens

I samband ei semesteroppgåve om grunnlagsproblematikk og psykologi som vitskap datt eg over ei side om kunstig intelligens. Mellom anna spurde eg «roboten»A.L.I.C.E om hjelp til oppgåva. Her følgjer utdrag frå samtalen:

Human: Should we study the mind as if it were an objective entity?
ALICE: Only you can answer that.
Human: That’s not of much help
ALICE: How about that. Please correct my mistake. What is of much help?
Human: I asked about how we should study the mind, any ideas?
ALICE: What is it to you.
Does it have anything to do with Your good looks?

Veit ikkje kva eg skal seie til det, anna enn at det känns ju lite konstigt.


Psykologi — Arild @ 8. oktober, 2004






Verna: Thomas Nagel – What is it like to be a bat?

Dette innlegget er passordverna. Du må skriva inn passordet for å sjå det:



Psykologi — Arild @ 25. september, 2004






Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity