Arkiv for 'Musikk' kategorien

Når Eikenæs er på tur

tysdag, 13. september, 2005

På ein av dei siste flotte dagane på seinsommaren drog vi ein brøkdel av slekta opp på Sandsstøylen (du kan verkeleg køyre heilt inntil døra på støylshytta di). Det var då ei glede å sjå at på spasertuen til den velkjente Hestnesstøylen stemte tantene i med marsjsangen som vi alle hugsar så godt.
(more…)

Musikk, Rakettvitskap | Ein kommentar

Dagen i dag

sundag, 11. september, 2005

Dette er kva eg skal bruke tida mi på i dag, fram til leggetid rundt 19:00. Ellers skal eg høyre litt til på ei låt med Paddy Casey. Sweet Suburban Sky burde kanskje til og med du ta ein titt på.

Musikk, Rakettvitskap | Ingen kommentar

Eit komparativt studie i musikksmak

måndag, 1. august, 2005


Audiscrobbler kan brukast og misbrukast til så mangt. Eg prøver for tida å gjere meg til ven med dei gåtefulle øyene Trinidad & Tobago, som saman utgjer landet Trinidad og Tobago. I dag er eg komt til musikksmak. Som vi alle veit blir Trinidad rekna for å vere både socaen og calypsoens fødestad (mens Tobago er fødestaden til dei gigantiske lærskilpaddene) vi veit òg at eg aldri kjem til å bli riven med i den lokale dansegruppa. Likevel, musikk opptek meg til ein viss grad, difor nytta eg data (kan hende ikkje særs representative data, men data likevel) frå den før nevnte audioscrobblerdatabasen for å få ei rudimentær oversikt over kor landet ligg. Her følgjer ei kort oppsummering av dei mest spelte artistane i hhv. Norge og Trinidad/Tobago ei tilfeldig valgt veke i juli 2005.

Først Norge:
1. System of a Down
2. Metallica
3. Coldplay
4. Pink Floyd

SÃ¥ Triniad & Tobago:

1. Jimi Hendrix
2. Nancy Sinatra
3. Jay-Z
4. The Beatles

Det første som slÃ¥r meg er at dei openbert har betre musikksmak der nede i utlandet (ah, som musikk i mine øyrer). Vidare ser det ut til at dei er særs opptekne av tretti Ã¥r gamal musikk, nÃ¥r eg tenkjer meg om har eg lest i “Rough guide to Trinidad & Tobago” at allting gÃ¥r litt seinare nede ved ekvator, dÃ¥ heng det kanskje pÃ¥ greip likevel.

I alle høve, eg ser fram til å lære meir om desse mjuke øyene.

Musikk | 2 kommentarar

Ein langvarig forkjølelse

torsdag, 27. januar, 2005


Dei siste fjorten dagane har eg sett livet passere i sakte film, nærare bestemt, filmen “Ein langvarig forkjølelse” (hovudrolleinnehavar kjend frå “Den fabelaktige reisa til Ã…mli frå Montmartre”), ein riktig snørrig film var det.

I dag skal vi elles snakke litt om sjangeren kontemporær R&B. Først litt ikkje-så-kjekke nyhende. Ungpikeidolet og Prestesonen D’Angelo - som mellom sit-upsane rakk å spele inn dei flott-flotte platene Brown Sugar og Voodoo - har begynt å knarke og blir meir og meir spritpløsete for kvar gong han blir hanka inn av überpolizeikommisärane, med andre ord - ikkje noko nytt album på veg. Dei to båskameratane til D’Angelo, John Legend og Raphael Saadiq har gjort det noko kvassare i det siste ved å sleppe godplatene “Get lifted” og “As Ray-Ray”- fellesnemnar er mellom anna gjesting av Snoop Dogg (som alltid). Raphael har òg med seg folka frå gamlebanda sine, Lucy Pearl og Tony! Toni! Tone! og det drar jo opp. Beggje platene ligg i filarkivet på paraply for dei som er slik inklinert).

Til slutt, det blir kviskra om at Portishead jobbar med eit nytt album, berre ni år etter det førre, trur eg gler meg litt - synes i alle fall at Beth Gibbons gjorde det skapeleg på samarbeidsplata ho spelte inn med Rustin’ Man for nokre år sidan, så eg reknar med at dei framleis kan levere.

Musikk, Rakettvitskap | Ingen kommentar

Late For The Sky

fredag, 14. januar, 2005

Moteriktig seint, eller berre seint, kanskje, kjem her mine lister over musikkåret 2004, samt over 2005 så langt. Det plagar meg (berre litt, men likevel) at når musikkjournalistar og anna meir eller mindre skrivekyndige folk lagar lister over plater dei likar, tar dei berre med dei platene som kom ut akkurat det året. Dei tar altså ikkje hensyn til at det at ein ofte ikkje får høyrt plater før året etter dei kjem ut. Det viser seg at ikkje alle får tilsendt musikken gratis frå plateselskapa (kven skulle ha trudd?). Difor har eg sett saman ei heller kort liste over plater som kom ut i 2003, men som eg av ymse grunnar ikkje fekk ta del i før i 2004. In no particular order, som dei seier i det store utland:

Må i samme bane få seie frå om kva som var dei beste platene som kom ut i sjølve 2004, som eg fekk høyrt på, iallfall:

Og til slutt, nyoppdaga plater som har sett sitt preg på 2005 så langt:

Sidan 2005 er såpass ungt, reknar eg med fleire kjem til å føye seg til den siste lista før heller enn seinare. Viss det finst andre der ute som eigentleg er middelaldrande musikkjournalistar fanga i ein ung kropp, må dei kjenne seg frie til å flisespikke på desse listene.

Musikk, Rakettvitskap | Ingen kommentar

..som musikk i mine øyrer

onsdag, 27. oktober, 2004

Ved siste oppteljing viser det seg at dette er den musikken eg har prøvehøyrd dei to siste vekene:

Kort oppsummert kan ein seie at A girl called Eddy var litt skuffande ut i frå det lille eg fekk høyre i vår - ‘litt’ Aimee Mann, men berre litt. Knight var òg litt skuffande, sjølv utan dei heilt store forventningane i utgangspunktet. Kweli var likeeins. Når det gjeld Dybdahl er juryen framleis ute (ingen “From grace” på det nye albumet, diverre). Gardiner sin debut var småfin, men ikkje meir - bortsett frå “For your love” som er fin. Jill Scott-plata er ein del betre, men framleis litt ujevn, likte kanskje spesielt sistesporet - Bedda at home.

Så kjem vi til pokalvinnarane, Ben Harper og the blind boys of Alabama, har høyrt lite på Harper tidlegare, men denne plata var verkeleg fin, mykje av æra går nok til blindingane (som visstnok har holdt det gåande sidan 1938 eller noko slikt…). Om ein ikkje får ei ny Solomon Burke-plate no så får ein klare seg med denne, spesielt spora “There will be a light” og “Picture of Jesus”.
Elles går det framleis ein del i enkeltsongar av Gillian Welch - helst grusomt vakre “Everything is free” og harmonihimmelen “Wind & Rain” (med David Rawlings og David Steele). Ah, nye - gode plater er som musikk i mine øyrer.

Musikk | 6 kommentarar

Det er haust - ein b�r h�yre p� syngjande jenter

onsdag, 6. oktober, 2004

Musikk eg har planar om å høyre på dei aller næraste dagane:

    Rachel Goswell
    A girl called Eddy
    Natalie Gardiner
    Kari Bremnes
    Cecilie Nordby

Musikk | 3 kommentarar

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Piker, vin, eller sang?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv