Stiløvingar


Eg fann berre det engelske omslaget på boka.

På mine reiser i nord møtte eg unge lovande Watne som gav meg dette heilheite tipset: Lån Exercises de style av Raymond Queneau. På norsk heiter den Stiløvingar og er omsett av sjølvaste Ragnar Hovland. Det skulle love godt tenkte eg. Og det gjorde det. (For dei som treng meir info: Boka byrjar med eit enkelt notat, og så følgjer alle andre moglege måtar å skrive dette notatet på. Stor stas.)

Eg sender herved tipset vidare, om du er imot slik låning, eller berre ikkje heilt trur meg med det første, sjå berre her:
Exercises de style av Raymond Queneau, på norsk sjølvsagt


Litteratur — Gisle @ 1. november, 2005






H for hemmeleg agent

Bøker

Mellom regnskylla har vi hatt nokre dagar med strÃ¥lande sol – desse dagane mÃ¥ sjølvsagt takast vare pÃ¥ sÃ¥ godt som mogleg. Etter mange Ã¥rs røynsle med fÃ¥tallige soldagar har eg landa pÃ¥ at nokre av desse dagane godt kan nyttast til slanging i parken. Mellom laust prat, bocciaspeling og slumring er det alltid fint Ã¥ forville seg inn i ei bok. SmÃ¥tt tilfeldig eller ei, i sommar har det blitt mykje som laust kan kategoriserast som detektivromanar eller krim. Carl Hiaasen svikter jo aldri (eg bruker kvar ei ledig stund til Ã¥ prakke ei av Hiaasen-bøkene mine pÃ¥ ein eller annan stakkar), i tillegg har vi Graham Greene (VÃ¥r mann i Havana) og Carlos Riuz Safòn (Vindens skygge). Det ser med andre ord ut til Ã¥ bli ein heller lett sommar pÃ¥ bokfronten, sÃ¥ fÃ¥r eg heller dra med meg nokre tungvektarar til Trinidad til hausten. (biletet er sjølvsagt frÃ¥ bokbyen).


Litteratur — Arild @ 14. juli, 2005






Ubekymra jovialitet

Cellulose

Carl Hiaasen er ein av desse forfattarane eg har gått rundt å hugsa på i lengre tid. Har no fått lest fem av seks bøker eg har liggande. Skamlaust underhaldande er ord som kan brukast, semisatirisk krimkomedie ville vel Dagbladet skrive. I alle høve, Hiaasen er tilrådd alle som treng litt flukt frå eksamenslesing og oppgåveskriving.

Om nokon vil låne følgjande Hiaasen-bøker så sei i frå: (dei styggaste bokomslaga eg har sett på ei tid)

  • Splitter pine
  • Bedratt av vinden
  • Striptease
  • Nakenbad
  • Hjemme verst
  • Farlig fiske

Trur kanskje Farlig fiske er favoritten, truleg fordi det var denne eg las først.

Fleire lister følgjer, følg med!


Litteratur — Arild @ 14. mai, 2005






Fabelaktige fotobøker


Som nokre kanskje har fått med seg er eg svært svak for flotte fotobøker, i fjor haust kom det ut ei bok som eg med ein gong visste at eg måtte ha – Magnum Stories. I går fekk eg endeleg somla meg til å kjøpe den, no venter eg berre på at den skal ta turen over dammen (halv pris hjå Amazon i forhold til Norli). Vart litt riven med og kjøpte to andre (dyre) fotobøker i tillegg – botsøvelse neste.

Fekk elles laga ein god del kontaktkopiar i går, har no kontaktkopiar av alle filmane mine – ein god følelse.

Kom over denne fotobloggen i går, vel verd ei vitjing.


Fotografering,Litteratur — Arild @ 30. januar, 2005






Internettendensar

Mellomste bror Vengen vel ein mjuk start, og kjem berre med ein link i sitt første innlegg på denne bloggen (og sluttar herved også å omtale seg sjølv i tredje person). Alle kan ha godt av å ta ein tur innom McSweeney’s Internet Tendency . Det er vel eit slags forlag, med litt forskjellige aktivitetar som de kan lese om sjølve. Eg synest iallfall mykje av tinga her retteleg kjekke å lese. Mellom anna er Dave Eggers, mannen bak den fine boka A Heartbreaking Work of Staggering Genius, å treffe her. Ta ein tur, dette er fornøyeleg tidsfordriv.


Litteratur,Rakettvitskap — Harald @ 13. januar, 2005






Neste side »
Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity