Ja, eg provar aa vere morosam. I dag drog vi til morrostaden Taj Mahal, maalet for utallege nyforelska utlendingar, og vart fort fortalt at denne dagen, og denne dagen berre, skulle brukast til aa skrape og male og fikse og styre i vatnet som heile stasen reflekterar seg i. No trur du kanskje eg seier dette for aa klage eller noko. Det gjer eg. Men smaatt om senn, skal eg, og no kjem eg til poenget, prove aa laste opp eit bilete derifraa, om ikkje saa altfor lenge (Delhi), og det trur eg kan vere til glede for baade stort og smaat, samt alle som kan like ei skikkeleg lang, lang setning. Altsaa, vegen til Agra? Dit hvor lyset bor!

Eg har leita ei god god stund etter eit eller fleire program som er brukande til å handtere bildefilene frå 350D`en min — så langt har eg ikkje lukkast i å finne noko dugande – men eg har klart meg med Photo Mechanic + Adobe Photoshop CS2. No har endeleg Apple (av alle) laga det som ser ut til å vere det perfekte program for bildehandtering (i kombinasjon med Photoshop, sjølvsagt). Apple Aperture inneheld alt eg treng, i tillegg tek det i bruk Tiger sin Core Image-teknologi – som min stakkarslege iBook så vidt støttar. Det festlege med Core Image er at skjermkortet gjer store deler av arbeidet – så sjølv tunge oppgåver går leikande lett. Sjå dei fine reklamevideoane hjå Apple, eg vart imponert (ok, nok fanboyisme for i dag).

(Ingeborg, mellom bryllaupsslaga)
Mobiltelefonen min har no sendt over tre tusen tekstmeldingar, med litt kung-fu-matematikk kan ein rekne seg fram til at dette fort blir ei heil lita bok på rundt rekna 200 sider – strengt tatt er dette kunnskap eg ikkje er så glad for å ha. Eg tek framleis ikkje nok bilete, men eg kom om ikkje anna over dette fine sitatet: «Sharpness is a bourgeois concept» – ingen andre enn Henri Cartier-Bresson kunne lirt av seg noko slikt!
Nattfotograferinga såg ikkje ut til å hjelpe, fototørka held fram. Som sagt er siste utveg då å kjøpe seg eit nytt kamera. Har framleis trua på at mellomformatstøysing kan vere løysinga. Synes 6×6-kontaktkopiar er særs fine, sjå t.d. her: Orbit1.

Det var vore litt tørketid på fotosida, eg har eigentleg ikkje teke eit einaste bilete på ein månad eller to (det er i alle høve slik det kjennest ut). Slik eg ser det finnast det to løysingar på dette, enten kan ein kjøpe enno eit nytt kamera (gøy!), eller ein kan prøve å ta dei same gamle bileta på ein ny måte – denne gongen valgte eg sistnevnte utveg. Eg fekk lurt med meg Endre ut på litt nattfotografering – med stativ og allting! Resultata vart kanskje ikkje heilt Der enno, men det kan no tenkjast at det kjem seg etter kvart.
Tenkte eg skulle nemne eit par andre ting òg, men det er for spesielt interesserte..
(meir …)