Forfattararkiv
Syng meg spansk techno
måndag, 23. januar, 2006
Ein lærer no litt forskjellig. I løpet av den siste veka eller så har eg lært mellom anna dette, i assortert utval:
- jenter er galne. Alle saman.
- det er jamnt over kaldare i Berlin enn dei plassane eg vanlegvis held meg til i Norge. Eg høyrer rykte om 20 minus natt til i dag. Friskt.
- Morten A. Strøksnes skriv godt. Har med andre ord gjort ferdig hans austeuropeiske bilbok no.
- The New Pornographers si siste plate, Twin Cinema, er nesten like bra som alle skulle ha det til (legg herved til denne på lista over gode plater frå 2005).
- ?uestlove er ein fin fyr. Han driv og trommar pÃ¥ nesten alle gode plater innan den sjangeren som i Tyskland gÃ¥r under namnet Black Music. Sist høyrt pÃ¥ The Roots’ Phrenology (ja, eg er nok litt seint ute med denne).
- Woody Allen sine filmar kan vere svært gode. Av ein eller annan grunn har eg aldri sett noko frå den vesle hobbysaksofonisten, men denne veka slo eg til med både Annie Hall og hans nyaste, Match Point (Scarlett!). Retteleg underhaldande.
Andre jordskakande hendingar vil bli lagt til så snart eg får vite om dei. Looking to the future, smiling, singing.
Denne månaden er den første i resten av ditt liv
laurdag, 21. januar, 2006
Eg berre lurer: Er det slik at januar er ein dårleg månad uansett kor ein er? Personleg har eg i alle fall alt anna enn varme kjensler for denne månaden. Og no er eg jo som kjent ikkje på min faste opphaldsstad i Vestlandets hovudstad, men Berlin ser ut til å vere mykje som Bergen vinterstid. Muligens kan det vere annleis om ein er på rundreise i, nja, India, til dømes, men eg er jammen ikkje overbevist. På lektorspråk: Eg berre spør.
Fasit
torsdag, 15. desember, 2005
Sjølv om eg veit om opptil fleire som ikkje er så begeistra for oppsummeringar av året som gjekk, synest eg likevel at ein slik gjennomgang er noko som må gjerast. Om ikkje anna, får ein iallfall framvist litt populærkulturell kompetanse. Så, her kjem det, først musikk eg har komt over dei siste månadane (dette er inga rangering, sjølv om alle veit at mannen med det rare namnet, den store geografiinteressa og dei mange instrumenta laga den finaste plata i 2005):
Sufjan Stevens - Illinois
Kanye West- Late Registration
Common - Be
Hal - Hal
Ben Folds - Songs For Silverman
Josh Rouse - Nashville
Jamie Lidell - Multiply
Antony & The Johnsons - I Am A Bird Now
Teenage Fanclub - Man-Made
The Arcade Fire - Funeral
Steely Dan - Pretzel Logic
Steely Dan - Can’t Buy A Thrill
D’Angelo - Voodoo
Ted Leo & The Pharmacists - Shake The Sheets
JR Ewing - Maelstroem. Det får vel halde.
Eg såg også nokre filmar, men ikkje særleg mange kan ha gjort inntrykk, sidan eg ikkje hugsar så mange. No nyleg såg eg iallfall Harry Potter And The Goblet Of Fire og The Chronicles Of Narnia. Eg likar jo vanlegvis ikkje slikt, men dette var ganske underhaldande. Også var jo The Life Aquatic With Steve Zissou ein god film. Elles går vel det meste som er kjekt på fjernsynet.
Dei bøkene eg las som var gode (nokre var riktignok betre enn andre): Fjodor Dostojevskij - Idioten, Dave Eggers - You Shall Know Our Velocity, Graham Greene - Vår mann i Havana, J.D. Salinger - The Catcher In The Rye, Carl Hiaasen - Turistsesong, Gil Courtemanche - En søndag ved bassenget i Kigali. Etter besøket i bokbyen i Fjærland hadde eg også planar om å få lest Steinbecks Vredens Druer og Samuel Huntingtons Clash Of Civilizations, men så langt kom ein ikkje. Neste år, altså, må berre bli ferdig med Haruka Murakami-boka mi. Den er også god.
Streik, Berlin, Desember 2005
fredag, 9. desember, 2005
Eg er så heldig at eg får oppleve ein streik på universitetet mitt. Det har eg faktisk aldri høyrt om før. Og dette er ikkje kva streik som helst, heller, denne veka streikar ein nemleg mot alt! Det er iallfall det intrykket ein får av å lese dei fjonge plakatane til denne aksjonen. For å ikkje bli heilt neo-konservativ på lesaren, så må det jo påpeikast at dei har rett i mykje. Ingen vil ha studiegebyr, til dømes. Men her kjem det altså eit par dusin krav til, som eg ikkje veit heilt kva ein skal gjere med, pluss at det er litt vanskeleg for ein utlending å sette seg inn i dette. Utvekslingsstudentar er som kjent ikkje ekte studentar. Dessutan verkar som ein del av dei aktive streikarane (det er mindretalet, sjølvsagt) gjerne skulle ønske at dei levde i 1968 og levde i Paris eller noko. Sånn at ein verkeleg kunne stick it to The Man. Som kjent, ein får ta det opprøret ein kjem over. http://www.streikzentrale.tk/
In Allgemein
torsdag, 17. november, 2005
I serien “Meir eller mindre unyttige ting som blir delt ut pÃ¥ tyske universitet” har vi i dag kome til alle og einkvar si tyske favorittavis, Frankfurter Allgemeine Zeitung. I fleire dagar pÃ¥ rad har desse avismenneska stÃ¥tt i lobbyen og pressa stakkars studentar til Ã¥ lese tungt utanriksstoff. Eg har gjort fleire ærlege forsøk pÃ¥ Ã¥ lese denne avisa, men det er noko vanskeleg, ettersom skribentane lever etter mottoet “det er ikkje ein skikkeleg tysk avisartikkel med mindre halvparten av setningane endar med fire verb etter kvarandre”. Prøv sjølv, dÃ¥ vel: http://www.faz.net/s/homepage.html
Dit hvor lykken bor
onsdag, 2. november, 2005
I min vreide over det tyske utdanningssystemet ser eg ingen andre middel enn Ã¥ ty til det sterkaste og farlegaste av dei alle: Bloggen! (eit livsfarleg vÃ¥pen, som i hendene pÃ¥ feil personar kan føre til katastrofe) I alle fall, mÃ¥ øse meg opp litt over det herleg studenttilpassa beistet som er Freie Universität. Har nettopp prøvd Ã¥ ha forelesning i politisk idehistorie, noko som i utgangspunktet er interessant. Det som ikkje er sÃ¥ stilig er at forelesaren er den tyske ekvivalenten til Olaf Sigurd Gundersen. NÃ¥r eg tenker meg om er det faktisk litt stilig, men det har no sine grenser. No i byrjinga gÃ¥r det i Platon, Aristoteles og andre heltar frÃ¥ det gamle Grekenland. Det er ex.phil. pÃ¥ tysk, det, godtfolk. Dette er eit sÃ¥nt fag som ein haug med tyske studentar mÃ¥ ta, for Ã¥ fÃ¥ godkjent poenga dei tar i andre fag, SÃ¥ dÃ¥ sit det nokre hundre studentar oppetter veggar og tak. Rosina i currywursten er at dette foregÃ¥r i eit bygg som er under ombygging, slik at sjølv ikkje vÃ¥r venn Olaf Sigurd klarer Ã¥ overdøve drilllinga. Kombinert med nokre stolar som sÃ¥g sine beste dagar før krigen, legg dette til rette for ei storarta oppleving. Det hjelper ikkje veldig at eg etterpÃ¥ mÃ¥ gÃ¥ og kopiere mitt eige pensum i kopibutikken, fordi det ikkje er laga til eit kompendium eingong. Pensumbøker driv ein ikkje med i det heile. Og borte i ein korridor sit broren til Jarle frÃ¥ Ã…pen Post og sel skrivesaker med meir. SÃ¥, “hvor gÃ¥r veien?” “Dit hvor lykken bor”.
Aló Presidente
onsdag, 26. oktober, 2005
Eg veit ikkje kor mange som har ei flammande interesse for søramerikansk politikk (nei, ikkje eg heller), men denne artikkelen frå fabelaktige New York Review of Books er uansett verd å lese. Ingen skal komme og seie at dei ikkje tenker på underhaldningverdien, iallfall. Språket minner meg av ein eller annan grunn om The Great Gatsby, men det er verkeleg ein annan bolle. Solving problems, looking to the future: http://www.nybooks.com/articles/18302.
Come on feel the Gesundheit! Eller: Sjå kven eg traff på her om dagen! Eller: Harald rapporterer frå Berlin! Eller: Slutt å rope!
onsdag, 26. oktober, 2005
Nesten, men ikkje fullt, to mÃ¥nader skulle det altsÃ¥ ta før den utanlandske Vengen fekk kasta seg rundt og posta ein post. Og det for Ã¥ skrive, øh, kva var det igjen? Eigentleg skal eg vel berre gi eit livsteikn, eg reknar med at “alle” i det gamle landet gÃ¥r pÃ¥ veggane av undring over kva som skjer i den tyske hovudstaden. Eller iallfalll i nærleiken av den tyske hovudstaden, sidan eg bur halvvegs til Potsdam. Det burde óg vore ein film- eller boktittel, kjenner eg: “Halvvegs til Potsdam”, det nye eposet frÃ¥ Aina Zachariassen. Naja, alt gÃ¥r bra, mÃ¥ ein kunne ytre, sÃ¥ om det skulle vise seg at akkurat du er godt igang med ei bachelorgrad i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, kan eg anbefale eit semester ved Freie Universität zu Berlin. Eg kunne jo fortalt over opptil fleire avsnitt her, men det er kanskje best Ã¥ ikkje gÃ¥ i enkeltheiter, ettersom desse ikkje er sÃ¥ interessante i seg sjølv.
Eg må likevel få skryte (til dei som bryr seg) av at eg var på Sufjan Stevens-konsert forrige veke. Den oppvakte lesar (dei som kjenner seg utpeika får klappe seg sjølv på skuldra) veit dette allereie. Det ideelle hadde vore å poste eitt av dei bileta eg tok med mitt flunkande nye Finepix F10 denne kvelden. Reint bortsett frå at dei bileta eg tok ikkje gjekk an å sjå på, var dette ein god idé. Eg satsar på å komme sterkt tilbake med nokre herlege *blinkskot* ved eit høve i ikkje altfor fjern framtid. Den som maktar å halde nervane i sjakk, får sjå. Kanskje kjem det fleire brennande interessante postar seinare i år.
Late For The Sky
fredag, 14. januar, 2005
Moteriktig seint, eller berre seint, kanskje, kjem her mine lister over musikkåret 2004, samt over 2005 så langt. Det plagar meg (berre litt, men likevel) at når musikkjournalistar og anna meir eller mindre skrivekyndige folk lagar lister over plater dei likar, tar dei berre med dei platene som kom ut akkurat det året. Dei tar altså ikkje hensyn til at det at ein ofte ikkje får høyrt plater før året etter dei kjem ut. Det viser seg at ikkje alle får tilsendt musikken gratis frå plateselskapa (kven skulle ha trudd?). Difor har eg sett saman ei heller kort liste over plater som kom ut i 2003, men som eg av ymse grunnar ikkje fekk ta del i før i 2004. In no particular order, som dei seier i det store utland:
- Fountains of Wayne - Welcome Interstate Managers
- Sufjan Stevens - Greetings From Michigan: The Great Lakes State
- The Shins - Chutes Too Narrow
- Death Cab For Cutie - Transatlanticism
- The Postal Service - Give Up
Må i samme bane få seie frå om kva som var dei beste platene som kom ut i sjølve 2004, som eg fekk høyrt på, iallfall:
- Iron & Wine - Our Endless Numbered Days
- Phoenix - Alphabetical
- Ken Stringfellow - Soft Commands
- Wilco - A Ghost Is Born
- Brian Wilson - Smile
- Kanye West - The College Dropout
Og til slutt, nyoppdaga plater som har sett sitt preg på 2005 så langt:
- Sufjan Stevens - Seven Swans
- John Legend - Get Lifted
- Jackson Browne - Late For The Sky
- Elliott Smith - XO
- Elliott Smith - Figure 8
Sidan 2005 er såpass ungt, reknar eg med fleire kjem til å føye seg til den siste lista før heller enn seinare. Viss det finst andre der ute som eigentleg er middelaldrande musikkjournalistar fanga i ein ung kropp, må dei kjenne seg frie til å flisespikke på desse listene.
Internettendensar
torsdag, 13. januar, 2005
Mellomste bror Vengen vel ein mjuk start, og kjem berre med ein link i sitt første innlegg på denne bloggen (og sluttar herved også å omtale seg sjølv i tredje person). Alle kan ha godt av å ta ein tur innom McSweeney’s Internet Tendency . Det er vel eit slags forlag, med litt forskjellige aktivitetar som de kan lese om sjølve. Eg synest iallfall mykje av tinga her retteleg kjekke å lese. Mellom anna er Dave Eggers, mannen bak den fine boka A Heartbreaking Work of Staggering Genius, å treffe her. Ta ein tur, dette er fornøyeleg tidsfordriv.