Ting ein gjer i Thailand:
Seie Sa- was- dee- ka til alle heile tida, altså hei enkelt og greit
Smilar til alle ein ser og ikkje ser. Det verste ein kan oppleve er å bli oppfatta som sur eller grinete. Verkeleg det aller verste. Eg har prøvd og vart regelrett ledd ut av seks resepsjonistar
Et middag til frukost. Alt går i grisen, og ris går til absolutt alle måltid utan unntak
Et annanas så det tyt ut øyra
Ventar på neste regnbyge
Blir skikkeleg dårleg i engelsk sidan alt går i; oki, you want skirt, oki, i give good price only for you oki, no, no, no come, i Show and you buy oki. Very good oki. You want dvd too? Kvifor bruke tid på alle orda som eigentleg ikkje har noko å seie?
Et mykje chili, utan å ha bestilt det
avviser alle, og det er mange, som gjerne vil ha ein kjærast; you give boyfriend oki? i need white boyfriend!
får vener som ein nødvendigvis ikkje skjønar så mykje av kva seier, men som like hjarteleg tek deg i handa når du kjem
Eg drive visst og mailar med folk eg ikkje kjenner igjen. Kanskje ikkje så bra.
Gjeremål før ein reiser til 46 grader:
-snakke med folk som ikkje snakkar norsk eller engelsk
-maile med folk eg ikkje kjenner
- avtale møte med menn i 40-åra som eg vertfall ikkje kjenner
- tygge nicorette
- skrive dårlege reportasjar
- intervjue folk utan eigentleg ha noko engasjement for dei
Shjalabais og chok-dee
«smilets land». Om ikkje lenge krøkar vi oss saman på flyet med retning Asia. Det blir fint. Mykje snø, store oppgåver, lite moro og høgdepunktet: Idol seier meg at det er på tide å byrje gle seg til turen. Noko må ein sjå fram til.
Elles går det mykje i Halleluja med Jeff og gelèlaging til vennelaget til Silje i morgon. Pluss ein heil del papp til kort og krone.
…og slik går no dagane. Jammen santen skal vi ikkje ha eksamen igjen gitt. Denne gongen berre på ei veke basert på veke med undevisning. Kva kan eg seie?
Men eg held på å lage liste over alle ting ein kan bli når ein vert stor;
-Journalist fordi det kan eg klare
-lærar fordi det er noko som alle som ikkje heilt veit kva dei skal bli seier
-ein som gjer kjekke ting for andre
-flyvertinne om eg får overnatte i store byar ute i verda
- fotograf fordi det kan av og til sjå kjekkare ut enn å skrive og om eg kunne ta bilete
-ein som gjer kjekke ting på jobben
Som det kjem tydeleg fram av lista er det mykje å ta tak i, det siste punktet trur eg veldig på. Men innspel er ikkje dumt, så komanigjenndå!
Elles har eg vore på mitt første tupperweare (er det slik det skrivast?) party i dag med tante Eli-D som sjef. Det vart veldig moro, også fekk eg veldig gode scones på slutten.
Und ich spreche nicht gut deutch;) Tyskland vart bra det. Kjekt med bror 2 som guide og triveleg selskap. Må sei den karen veit mykje om Berlin, og stader å sjå. Fint for oss, og vonleg bra for han. Oppdaga at Norge ikkje er så stort som vi skal ha det til, og at det ikkje finst noko som heiter berlinerschnitzel! Alt ein går og trur at ein veit gitt. Alt i livet kan heller ikkje vere gratis, men ein svippom innom Berlin gjer seg;)