Forfattararkiv
Etter leggetid
laurdag, 10. mai, 2008

Flygande tiger
Før leggetid
fredag, 9. mai, 2008

S & P på Festplassen i går kveld
Stålkontroll / Parkliv
måndag, 5. mai, 2008

Ballar av stål
Takka vere for mykje festivitas og parkliv fekk eg ikkje med meg så mykje av Bergenfest, men eg fekk i alle fall høyrt Denison Witmer på Garage. H. la att ei plate i heimen for nokre år sidan, og den var rett fin. Witmer feira sin eigen trettiårsdag med å spele inn tretti av sine eigne songar på nytt, desse kan du laste ned på happybirthdaydenison.com, Chestnut Hill er spesielt fin.
Oddleiv Apneset spring rundt med eit par tre mellomformatskamera (saman med Silja) og tek bilete av alle jølstringane, planen er å lage både utstilling (i Oslo(!)) og bok. Er svært sjalu på O. A., men gler meg til boka. Fint laurdagsrevyinnslag her, mellom anna med Atle Hamar i austerriksk hoppdress (spol tjueto minutt fram).
23
sundag, 27. april, 2008

Vi gratulerer I. med dagen, og får endeleg posta desse bileta
- Imponerande kulebanebygging
- Fin historie om heiskøyring i The New Yorker
- Om å halde pusten
#3
onsdag, 23. april, 2008

Frå gårsdagens middag hjå G & I, ein månad til termin for den dynamiske duoen
Solbrillefint
måndag, 21. april, 2008

Gissekonkurranse
Om eg seinare skulle bla attende og lese dette: Hovudoppgåva vart levert inn førre veke, etter det har dagane vore stappfulle av sol, solide mengder is, krokketsiger, vinglehyseekstravaganza, grilling, mysing, parkliv, ballar av stål (petanque), bollar av mjøl (med rosin), båtliv (Monskarolina flyt framleis!) - og folk, ikkje minst folk: T., K., H., K., P., E., G., Ø., D., osb.., eg har hengt med brorparten av konsonantane og ein del vokalar, det blir reint for mykje, og i morgon startar hypnosekurset, aiai.
Til dåkke andre:
-
Popsongar bør vare i 2 m. 42 s., som The La´s - There she goes, med tilhøyrande speleliste.
-
Meir pop: Songtekstar grafisk framstilt
- Ein fotograf med eit nært forhold til fisk.
- Ein annan fotograf med eit nært forhold til sommar.
Til sist:
Om du: a) vil sjå verdas lengste nettside b) bruke opp bandbreidda mi, eller c) beggje deler, kan du sjå på absolutt alle innlegga eg har posta frå 2004 og fram til no i omvendt kronologisk rekkjefølgje.
Gode ektefolk / ekte godtfolk
sundag, 13. april, 2008

Kenneth + Beate = sant! Knipsa før dei sykla frå kyrkja i går ettermiddag
Vel, kva kan ein seie? Eg er ein heldig herremann. I går fekk eg vere forlovar i bryllaupet til K & B (og S.). Det var stor stas og gedigen festivitas. (Eg tok berre ei handfull bilete, då eg hadde andre oppgåver, men her er no eit minne). Gode dagar!
Gøymsle
sundag, 6. april, 2008
Ø.
laurdag, 5. april, 2008
Ryssdalshornet
tysdag, 1. april, 2008

Ifjorbror. Er litt sugen på å få gått fjellturar att / Åtte dagar til oppgåvelevering
Merksnodig
onsdag, 26. mars, 2008

Sol, og ein gløymer at hovudoppgåva må leverast om to veker
Snerkmodig: Når du er så gamal at du ikkje lenger er redd for snerket oppå kakaoen.
Andre stader: Rap-tekstar framstilt grafisk & matematisk.
Scenesterk
onsdag, 19. mars, 2008

Før framsyninga
1. Ein tysk jagarflypilot finn ut at han skaut ned sin favorittforfattar, Antoine de Saint-Exupery, under andre verdskrig.
2. Lies I`ve told my 3 year old recently - Åh-så-fint.
Liar, liar, pants on fire
tysdag, 18. mars, 2008

Bål, påskesjokolade, måneskinn, stjerneklart og gode folk (men sjuskete bilete)
Susar avgarde
måndag, 17. mars, 2008

Kvikk bunch
Bergen - Hallingskeid - Bergen
sundag, 16. mars, 2008

Kortspelande retur med NSB til Bergen etter fabelaktig hyttehelg på Hallingskeid
Glad røykelaks / Røykt gladlaks
onsdag, 12. mars, 2008

Folk, ein kan ikkje gjere alle til laks
Dagane minner stadig meir om popsongar, eg spår snarleg vår. i tillegg til å bakse med desse intersubjektivitetsteoretikarane har eg i dag fått testa det nye svømmebassenget spesiallaga for studentar nedtynga av studielån og oppløfta av tankens kraft. Sant å seie hadde eg venta meg meir, spesielt på oppdriftsida. Eg fekk attende den synkande kjensla av å ha tatt meg vatn over hovudet, nei, eg hadde venta meg meir. Men vi har då musikken! I dag i form av Anna Järvinen - Jag fick feeling, Cat Power i ymse opptak og eit par riktig vonde songar frå Mikronesiaføderasjonen. Til helga blir det tog, snø, ski og andre trebokstavsaktivitetar (giss).
Hei-serru-serru
måndag, 10. mars, 2008

Sminkerommet, før psykologirevyen i går kveld (for Katarsis)
Eg skriv no på ei oppgåve med tittel: “Metaforar - treng vi dei, eller kan dei segle sin eigen sjø?”
Fiskebein
tysdag, 4. mars, 2008

Det er eg og katten som drøymer om fiskebein
Fakultetet # 1
måndag, 3. mars, 2008

Trondheim
fredag, 29. februar, 2008

Trønder x to
Hysj, stille
torsdag, 28. februar, 2008

måndag, 25. februar, 2008

M. i sofaen på hovudoppgåvekontoret
Tim Tygg spelte på ein fest eg var på, kom diverre for seint og fekk berre med meg ekstranummeret - men det var vindskeivt og fint, høyr.
onsdag, 20. februar, 2008

Mann under brua
tysdag, 19. februar, 2008

The lonely crowd (E. sitt 85/1.2 - einsamobjektivet
Picassoveir
tysdag, 19. februar, 2008

Vi ser på tørka maling

Relativt mange utnytta det flotte museumsveiret sundag
Via Bror II vart eg tipsa om den flotte Stuff white people like, aiai, minner meg om gamle Black people love us. Elles har eg fått brukt ordet intersubjektivitetsteoretiseringa i dag, oppgåveskriving har då sine lyse sider, ikkje? Som om ikkje dette skulle vere nok har eg fått spelt lag-frisbee og hatt filmrullopptelling (femtito). Ja, denne karen brenn verkeleg sitt lys i beggje endar!
+ 1
måndag, 18. februar, 2008

Fann enno ein pose med ubrukte filmrullar, er det eit teikn?
Ja! Ingeborg & Håvard fekk ei jente på fredag, grattis. Elles har K. vore på vitjing i gamlebyen, svært kjekt!
tysdag, 12. februar, 2008

Der ein skulle tru at nokon kunne bu
Hagl/Skur
tysdag, 12. februar, 2008

M. - det kom ein haglskur, så vi gjekk inn i eit haglskur
tysdag, 12. februar, 2008

H.
Rar #2
måndag, 11. februar, 2008

Kleivane, sjølvutløysar og verdas største blitz
Her er meir humbug.
Rundt midnatt
fredag, 8. februar, 2008

Blåmann, blåmann
Etter Dr. Melfi i Sopranos var det kanskje ikkje så overraskande, men likevel gledeleg: HBO har starta å sende In treatment, ein dramaserie der ein følgjer ein psykolog sine møter med fire-fem pasientar, og hans eigne møter med sin rettleiar. Svært underhaldande og interessant å sjå korleis ein har klart å lage terapitimar til god TV (ein har kutta ein del svingar). Serien har nett starta på HBO, eg har berre sett dei første seks episodane, men har allereie fått psykologvenene og deler av kullet mitt til å sjekke det ut. Så vidt eg skjøner byggjer In treatment på den israelske serien BeTipul frå 2005, men hebraisken min er såpass rusten at den nok ikkje er for meg.
Åja, her er ein fyr som klappar, fort.
onsdag, 6. februar, 2008

Hermansverk
Brurefølgje på Bjørnefjorden
måndag, 4. februar, 2008

Vi var ute og duppa i Oselvaren i fjor sommar, då dette følgjet flaut forbi
sundag, 3. februar, 2008

Fugleperspektiv
Diasduplikator alá mister Handyman
sundag, 3. februar, 2008

K., i hine, hårete dagar
Sovesofa
torsdag, 31. januar, 2008

Systa + Ma, Førde + film
Svart magi / Kvit magi
måndag, 28. januar, 2008

Begynnande bok-bajaseri
Eg kom i skade for å importere fem hundre skanna bilete frå gamle dagar (les: 2004). Ei lukkeleg tid utan digitalkamera og anna kvit magi. Når eg såg att bileta, gjekk det som det måtte gå. Eg henta fram nokre gamle kontaktkopiar og stod plutseleg midt på stovegolvet med ein OM-1 i nevane (samt ein Canonet og ein XA på bordet). Åh, som eg saknar gamle XA´en og Hexar´en! Og TRI-X og Neopan, HP5 og Delta! Kontaktkopiar og gamal D-76, geriljamørkerommet! Det er ikkje første gong eg står midt på stovegolvet, ofte går det over av seg sjølv, men no sit det i - trur eg. Eg vil i alle fall prøve å lage ei lita bok med dei gamle bileta, og H. har allereie blitt oppmoda om å sende skannaren (og fleire kamera(!)) i posten. No skal eg leite opp att bereposen med utgått film eg veit eg har liggjande.
(om du har eit gamalt Fujica 690, eller ein Mamiya 6 liggjande, så send det min veg, ver så snill?)
Enno eldre emulsjon: The Capa cache
Gråsone
sundag, 27. januar, 2008

Som vaksen har eg utvikla eit nyansert syn på livet, men det er greit å vite at noko framleis er svart/kvitt
Det er ikkje alle kjepphestar du skal ri inn i solnedgangen
laurdag, 26. januar, 2008

Eg kunne godt tenkje meg å vere innesperra mellom to ras på Filefjell no, er det unormalt?
Alexander Graham Bell
tysdag, 22. januar, 2008

Aa
Den seinare tida har eg følt at det har vore noko som har skurra når eg har snakka med folk. Det viste seg å vere telefonen. No har eg ny, så ring om du meiner vi har noko usnakka.
Dagens trivia: Både mora og kona til Bell var døve, og bror hass halta stygt.
Skuggeregjering
sundag, 20. januar, 2008

Grøne fingrar / Det hender så mangt
måndag, 14. januar, 2008
-2.jpg)
Eg har alle desse hendene liggjande, prøver å bli kvitt dei
Bror II har endeleg fått fingeren ut og byrja blogge, høg fem. Elles kan eg peike vidare til Matt Stuart, han har alltid kamera i hand og knipser flittig. Nokon har tasta ned eit intervju med han her. Eg klappar i hendene.
sundag, 13. januar, 2008
.jpg)
onsdag, 9. januar, 2008
.jpg)
laurdag, 5. januar, 2008
.jpg)
Ein mann må gjere det ein mann må gjere
torsdag, 3. januar, 2008

Blå Swix
Ei karlsvogn til begjær
onsdag, 2. januar, 2008

Smøretur
For litt sidan låg eg på verdas lengste flytebryggje, cirka midt ute i Gloppefjorden, i minus sju og med kalde nevar og såg på stjernene. Er det slikt ein ikkje skal fortelje om? I morgon legg eg ut på min åttande skitur denne jula, reknar med å få diplom frå einkvan.
sundag, 30. desember, 2007

Sjette juledag: Mykje snø på Utviken, vardetur med Soffen.
laurdag, 29. desember, 2007

Tiddelibom
God jul
måndag, 24. desember, 2007

Kva er vel mindre naturleg enn å vise fram onkel O. og p. på sjølvaste julafta?
Grantre står for fall
sundag, 23. desember, 2007

Syskenborna Å. og H., hogstmodne
I dag samla vi ihop ein tolv-femten frå slekta for å reise inn i skogen vår og finne juletre. Heile historia, med tilhøyrande dokumentarbilete får komme seinare, men vi kom no ut att frå skogen med to grantre på litt over fem meter kvar (det er høgt under taket her i Gloppen), vi surra dei i bagasjerommet på onkel sin Hi-Ace og køyrde juletrekolonne heim att. Elles: P. har kanskje knekt nasa, og eg har vore på ski med S. i måneskin.
Sogn og Fjordane, alle gode ting er tre
laurdag, 22. desember, 2007

Femten sekund Jølsternatt, frå heimreisa i går kveld
Hei kor det går. Nokre opplevingar frå Gloppen så langt: Vakna til kald og klar sol, samt diger frukost. Fekk lurt bror min med på tur mot Utsikten og Austrheimsstøylen. Ein kar kom ut frå eit hus og fortalde at det hadde gått eit ras. Vi traska oppover i snøen og kulda, hadde ein flott pause i sola på årets mørkaste dag og kom oss heim att til graut og fyr i peisen. Etter graut leita eg fram skia til andre bror min og fekk meg nokre rundar i løypa på Kleivane, møtte ein ny fyr som skraut av min avdøydde morfar. No sit eg framfor peisen att, venter på meir slekt og meir mat, før eg skal ut og ta ei øl med M. Nesten litt i overkant dette.
Heim, no.
fredag, 21. desember, 2007

Vegen heim / Vengen heim
Dagens interkommunale transportplan: Båt med V. frå Bergen til Lavik. Buss, der eg kanskje treff M., frå Lavik til Førde. Bil med G. frå Førde til Sandane. Satsar på sol og fjelltur i Gloppen laurdag.
torsdag, 20. desember, 2007

Guten med det store hjartet går, i dag den tjuande, frå tjueein til tjueto, hepp.
Alden
onsdag, 19. desember, 2007

Lettkaptein P., det var jo så varmt og fint veir i jula i fjor.
Eg fekk voldsomt sansen for Alden utanfor Askvoll i sommar. Lurar på om det går an å leige eitt av dei to husa på øya og halde hoff der nokre dagar neste sommar?
tysdag, 18. desember, 2007

Familieplanlegging: Då kjøper du gåvene i første etasje så tek vi andre resten
måndag, 17. desember, 2007

Julemat - får, som fortent
sundag, 16. desember, 2007

Eg er litt av ein rebell / gamalt bilete
laurdag, 15. desember, 2007

Vidden
Faktaboks: Vidden vart utbygd etter ein idé av Napoleon i 1806, som eit ledd i den større Russarvegen. Det tok to tusen strilar fire år å ferdigstille vidden, strilane var organisert i sti- og vegbyggarlauget - ein tidleg forløpar til Mesta. I krigsåra låg bordellane tett i tett på vidden, men desse vart fjerna med tvang etter ei folkeavrøysting i 1946. I etterkrigsåra fungerte vidden som skuleveg for både fjordingar og sogningar. No for tida blir vidden mest brukt av kondisjonerte femtiåringar i alle aldrar.
fredag, 14. desember, 2007

T. + lommelykt + tjuefem sekund, og mykje mørke
torsdag, 13. desember, 2007

Vers, refreng, vers, refreng, bru.
Eg treng ein diger paraply, den treng ikkje tåle vatn - nokre tips?
onsdag, 12. desember, 2007

Seterly - pensjonat, spelebule, senter for illegal trampolinehopping
Jan von Holleben har laga ein serie bilete kalla Dreams of flying, oppløftande. Åja, ingen advent utan Rune.
tysdag, 11. desember, 2007

Desse to karane høyrer heime i klappeland
Det er godt å vere attende på fakultetet, fekk spelt litt fotball på eine hovudoppgåvekontoret og lest litt om god vs. øydeleggjande skam i dag. Overhøyrde uttrykket “dei eplekjekke fell ikkje langt frå stammen”, gledeleg.
måndag, 10. desember, 2007

Tur i skogen, gauk, ko-ko, osb..
Eg sysla med litt hovudoppgåvetenking tidlegare i dag (har slutta med det no), og datt over dette somaliske ordtaket: “Simbir botbot bathan mathaha ayay kutega” (”ein fugl som flyg omkring åleine vil til slutt lande med hovudet først”).
Før desember starta fekk eg for meg at eg skulle poste eit nytt bilete kvar dag (alle tekne i julemånaden), som ein slags julekalender. No har eg både hoppa over ei rad dagar og posta to bilete frå oktober/november, men eg vil prøve å ha klart eit nytt desemberbilete kvar dag framover.
Byfjellninja / Kampestein
sundag, 9. desember, 2007

T. + E. + K. = trøbbel
Gode dagar dette. Eksternpraksisen ved smerteklinikken vart avslutta torsdag, eg fekk blomar og allting. Lyset - når det er til stades - er fint, og nokre gongar knirkar det under skoa.
laurdag, 8. desember, 2007

m. stiller opp
Bruveir
onsdag, 5. desember, 2007

Ei bru, to personar, tre gatelykter, fire frontlykter, fem på ettermiddagen, seks mm nedbør, sju meter i sekundet
måndag, 3. desember, 2007

Snubletur i sola i dag. Klarte å lure desse bileta inn i kameraet.
(more…)
sundag, 2. desember, 2007

Sotra i dag: Ingen mann er på ei øy
Tøyseobjektivet gjer at eg på nytt tek bilete av ting for å sjå korleis dei ser ut, overraskande frigjerande.
torsdag, 29. november, 2007

tysdag, 27. november, 2007

K.
“Forskarar” kan melde at 86% av britar ikkje føler seg fotogene (eg reknar med dei her snakkar om fotogen i form av å ta seg godt ut på bilete, og ikkje i form av å vere sjølvlysande). Om ikkje lenge vil vel retusjerte familiebilete bli norma, det er vel heller tvilsomt om dette vil føre til betre (sjølv)bilete.
Nerdenotis: Bileta av K. er tekne med mitt nye (men gamle) Olympus Zuiko 55mm f/1.2 - skarpt og blurrete på same tid, nett som på film!
Dagens liste over fine ting:
- The genius of photography er ein knallfin dokumentarserie som går på BBC Four, om (tadah!) fotografiet si historie. Svært oppbyggjelege saker. Ordet på gata er at ein kan laste ned dei seks episodane her.
- The Narrative er ein kjernesunn fotoblogg som eg har klikka innom dei siste par åra. Trykk litt i arkivet, du.
- I dag bør du vere snill med deg sjølv og høyre på Reckoner frå siste Radiohead-plata.
Fløyen - liten blåtur
sundag, 25. november, 2007

Fløy en liten blåfugl / Fløyen - liten blåtur
I den stolte norske forteljartradisjonen “då var eg der, no er eg her” er vi i dag kome til forteljinga om Fløyen, Revurtjern og Brushytten. Det var kaldt, det snødde, det var fint og no er eg heime.
Sen gick det åt skogen – igen
torsdag, 22. november, 2007

Evig solskin på ein plettfri sel (men kvifor sym dei på ryggen?)
Fekk epost frå opphavet med mange utropsteikn, til dømes: “Dei tok skilta!!!!!”. Med så mange utropsteikn skjøna eg at dette var alvorleg. Einkvan hadde opna Poloen og forsynt seg med innhaldet, NRK Sogn og Fjordane er på saka. I den stolte mann-skapte-seg-tylen-tradisjonen kan NRK vidare melde at “godt vaksne sunnfjordingar kosa seg med sterkare saker på rutebilstasjonen i Førde”. Steling og drikking, kva blir det neste i trivselsfylket? Kortspel og dans?
onsdag, 21. november, 2007

En ko / Tamkvæg
Til deg som kasta ein murstein + lapp med ynskje om fleire dyrebilete inn gjennom glaset i dag: Her. Send mail neste gong, er du snill.
Til dåkke andre: Sjå på denne fine fotobloggen, ein fyr med galne evner (mad skillz) som tek bilete av ein ny person kvar dag i eitt år - for å seie det med Aretha Franklin: R.E.S.E.P.T.
sundag, 18. november, 2007

Summertime - and the living is easy
torsdag, 15. november, 2007

H.
torsdag, 15. november, 2007

Svart-kvitt, i fargar
onsdag, 14. november, 2007

Ei eksponering, E. x fire.
Highway to Fjell
tysdag, 13. november, 2007

Bergen: Det er i utkantane det skjer
Småpussig, klokka er tre og eg ser sola gå ned. Eg undrast om vi ikkje heller burde stilt klokka ein tre-fire timar andre vegen? Helga var av den gåverike typen, med alt for få timar. Godtfolk, dans, latter & song på harajuleball laurdag (mitt siste som psykologistudent), kunst, kultur, fisk og krokodiller (det går vel ikkje under kunst, eller kultur?) sundag. No er eg sliten i stemmebanda, augene, danseføtene og sneglehusa. Intens avslapping står på programmet, men først: Ballspelbonanza!
Dagens paranøtt: Er ein dag julepølselaging med slekta i nordfjord verd to halvdagar på buss?
Det her kan gjere litt vondt
måndag, 12. november, 2007

J.: Før og etter tannlegen
torsdag, 8. november, 2007

K. - langvegsfarande middagsgjest
onsdag, 7. november, 2007

Fotojobbfoto: Smiling under tidspress og i tre plussgrader
Eg fekk med meg Hylland Eriksen sitt foredrag i regi av Samfunnet i går. Hylland Eriksen snakka om Dei Store Tinga(TM) i samband med prosjektet Kulturell kompleksitet i det nye Norge. Gårsdagens foredrag var i det store og heile via fridom og nyliberalisme. Eg hadde håpa å få nokre nye innspel til hovudoppgåva mi, om valtvang, liberalisme, identitet, menneskelege grunnvilkår og samfunnspatologiar (ja, heile suppedeisen), men det var lite nytt å hente. Her kjem eit par sitat frå det eg les på for tida:
Ulrich Beck: “I vårt samfunn forvandles økonomisk-systemiske motsigelser og konflikter til biografiske og individuelle ”feil”, til tilkortkommenheter av et slag som individet bare har seg selv å takke – klandre – for”
Alain Ehrenberg: “Depresjonen er melankolien i et samfunn der alle er like og frie; depresjonen er sykdommen ved demokratiet og markedsøkonomien par excellence.”
Isolert sett ser dette litt dystert ut, men når ein får trekt nokre linjer og får dytta inn litt meining, vil biletet bli meir nyansert.
Dagens jajamensann: Ei bloggavstemming der LDFMF plutseleg dukka opp, gledeleg.
Lygekors på halsen
måndag, 5. november, 2007

Eg klatra opp først, lygekors på halsen (og ti kvinner i hjartet)
I går var ein av dei krispaste sundagane på lenge, og eg hadde fri tid! Surra rundt med noko fotogreier i Fjellveien med E. (det viser seg at nesten alle heiter E. her, bortsett frå dei som heiter M. då), og endte opp i klatreveggen - sjå eit betre bilete teke av E. her.
Eg kunne elles prøvd å forklare kvifor eg høyrer på Jussi Björling i dag, men eg ser at det blir vanskeleg.
Stein på stein
laurdag, 3. november, 2007

Eggenipa, 1338 m.o.h.
Ein av dei første augustdagane skein det opp, og vi fekk endeleg rota oss opp på Eggenipa. Eg i kremgul pique-trøye og bermudashorts, P. noko meir sensibelt oppdressa.
Ein av dei solide B.T.-fotografane, Oddleiv A., har teke Eggenipa-bilete med eit Holga. Til sommaren vil eg prøve å få dokumentert fleire av slektsfjella.
Brend by luktar gull
tysdag, 30. oktober, 2007

Gamal mann luktar røyk / Brend barn luktar svidd
Det var då ingen måte på kor heim det gullet skulle komme. Mottakinga den bortkomne sonen fekk, blir, til samanlikning, å rekne som ein kald skulder og to-tre kalde skuldertrekk. Det var i like deler fascinerande, rørande og rørete å opphalde seg på festplassen i går kveld. Eg noterer pluss i margen og fisk i garnet for byen med det store hjartet, dei enno større lungene og dei noko manglande praktiske evnene.
Kveldssongar:
- Susanna & the magcial orchestra - Love will tear us apart
- Eg er ein liten undulat (må syngast som call & response)
sundag, 28. oktober, 2007

I serien “Litt rart” er vi no kome til peike-Tonje
Først er det helg
fredag, 26. oktober, 2007

Så, no tek ein plutseleg bilete av salatetande jenter på hotelltak?
Hovudoppgåva. Eg har gløymd hovudoppgåva. Eller, ikkje direkte gløymd - berre ikkje hugsa så godt på den. Eg synes eg eigentleg har nok å fylle dagane med. I dag har eg fortalt ein del folk kor hovudoppgåvelandet ligg, samtlege har svara “oi”. Eg vil no setje meg ned og skrive ei flott problemstilling, men først er det helg.
tysdag, 23. oktober, 2007

Gjorde ein fotojobb i Førde før helga, var heldig som hadde med E. som assistent
Eg les berre markeringane
sundag, 21. oktober, 2007

To - to, heime.
tysdag, 16. oktober, 2007

Litt grått, gitt, men bryr fuglane seg? Neida, dei berre fyk rundt i ring - som ingenting
Følsomt, som eit bogekorps syttande mai
måndag, 15. oktober, 2007

Klar melding ut: Ein uønskt kjærleiksballong, tom for luft, stangande mot taket
Det er o.k.
måndag, 15. oktober, 2007

Litt rart
Kva skulle ein gjort utan Chet Baker, sånn midt på natta?
fredag, 12. oktober, 2007

Kanin nr. II: Jrgn
Etter å ha tenkt meg litt om, er eg nok for innovasjonen i Irak.
Fridom, likskap, brorskap
onsdag, 10. oktober, 2007

Syskenlikskap vel

Ettermiddagens songar: Elvis Costello - Poor fractured Atlas & El Corazón - Karma (syng med!)
tysdag, 9. oktober, 2007

E. - forsøkskanin
Eg rota meg innom Clas Ohlsson og kom ut att med noko nytt star-wars-aktig lys eg tenkte eg kunne bruke på vaskeromsstudioet. No er det berre å skremme inn nokre fleire folk eg kan ta bilete av.
sundag, 7. oktober, 2007

M/F Gulen
Eg duppa litt, vakna, og tenkte eg kunne poste eit bilete av nattferja.
laurdag, 6. oktober, 2007

Dei hadde tromma saman ein gjeng til øving (legg merke til buskmannen)
Fleire gode ting er to
laurdag, 6. oktober, 2007

Førde, sundag kveld
Eg fekk endeleg prøvd ut det gamle “skriv i lufta med fyrstikk”-trikset. E + T brukte nokre forsøk på å stave namna rett spegelvendt.
torsdag, 4. oktober, 2007

Nærkontakt på tredje gard
tysdag, 25. september, 2007

Vatnet på toppen av Alden, och stora havet
På tå & hel
måndag, 24. september, 2007

Utsikt ut glaset i første etasje - i dag har det vore ein del byger
Det er mykje ein kunne tatt bilete av og skrive om, og så skal alle andre skrive og ta bilete òg. Ein evig runddans, heldigvis.
sundag, 23. september, 2007

Sau à la Murakami
Bærtur - Blåtur - Blåbærtur
laurdag, 22. september, 2007

Ok, så er dette villbringebær og ikkje blåbær, men eg likte biletet betre
Kaffi først, blåbærplukking etterpå og huset fullt av villbringebær.
laurdag, 22. september, 2007

Rævadilters unite
Snurrig film
torsdag, 20. september, 2007

Gode minner og slett stil
Av grunnar som på alle måtar er utan interesse måtte eg rote fram dei gamle kontaktkopiane. To dagar seinare, og eg er framleis berre halvvegs nede i bunken. Minner tek tid - og minner om tid som er brukt. Som ein konsekvens av filmmimringa rota eg fram den gamle Olympusen og lurer nett no på kvar eg la dei ubrukte filmrullane
laurdag, 15. september, 2007
Meir, meir, meir
Ei kort liste over dagens musikk:
Snurr film
torsdag, 13. september, 2007
Konfirmasjon x 2 = bilete
Nokre gode ting er to
tysdag, 11. september, 2007

Erlend, Oslo 2007

Erlend, Sandane 2003
Attende i Bergen etter Osloturen. Eg prøver å få eit meir positivt inntrykk av hovudstaden, og kanskje er det no slik at det gamle (og svært lite brukte) ordtaket om å “heller ville møte ein tiger i staden for Tigerstaden” no ikkje stemmer lenger? Det var i alle fall mykje godtfolk å møte i Oslo, både vener og slekt. Eg knipsa nokre bilete, mellom anna dette av E. laurdag morgon, før første konfirmasjon. Biletet minna meg om eit anna eg tok av E. då han budde på Sandane, vi får sjå om vi ikkje kan lage ein tradisjon ut av det.
tysdag, 4. september, 2007

Is i magen
Stenbit og seien og torsk og skreien, og nise
måndag, 3. september, 2007

Big bit
Greit, kan hende nokon™ har vore ein snartur på Akvariet, moro for ungane. Tittelen er vel ei av dei meir kuriøse tekstlinjene i ein relativt kjend Petter Dass-salme, tipp då! Tipp då!
Sam se sel, sel sa Sam
sundag, 2. september, 2007

Herr Sel, hels på Herr Paraply
måndag, 27. august, 2007

Finelår - Bror III reklamerer for t-skjortebutikken til Bror I + II + III
Diskoglede: Fann ny (åtte congafulle minutt lang!) versjon av Vicki Sue Robinson si perle, Turn the beat around. Heilt klart grunn til å danse og kalle inn til festivitas.
Elles: Hald på hatten, frå den sjette til den niande kjem underteikna til å opphalde seg i hovudstaden. Så langt har mitt forhold til Oslo vore prega av gjensidig & gjenstridig mistillit, kan hende dette snur no?
Glad røykelaks
sundag, 26. august, 2007

Onkel H., på lakseplassen
laurdag, 25. august, 2007

Hundebein
fredag, 24. august, 2007

M., stiller opp ho òg!
torsdag, 23. august, 2007

Hei du, eg har fått nytt kamera
måndag, 20. august, 2007

…och stora havet (Alden i det fjerne)
Første dag av eksternpraksis på s.m.r.t.klinikken er til ende. Eige kontor, eigne pasientar, eigen skuff med eigen mjølkesjokolade.
sundag, 19. august, 2007

Utsikt over Gloppeelva frå lakseplassen
Hit eit steg - dit eit steg
laurdag, 18. august, 2007

Ein kjapp - men roleg - kajakktur på Vengsvatnet seint måndag kveld
Kom attende til Bergen i går etter å ha vore incommunicado ei stund. Semesterstart/smertestart måndag, på tide å begynne å gå fort og målretta att, etter ein sommar med lunting og rusling.
Bollelys
laurdag, 11. august, 2007

Pappa (a.k.a. Bolle) stiller opp, han er grei sånn
Ved hjelp av ein stykk blå bakebolle, nokre meter raud gaffateip, noko aluminiumsfolie, ein potteskjuler, to kinesiske ebay-triggarar, noko tjukk papp og to blitzar fekk eg laga meg ein noko skrøpeleg ringblitz. Sjå opp for fleire portrett (og bilete av fjell, mange fjell) i tida framover.
Nettkjenningar
sundag, 5. august, 2007


Brødrene Kling & Klang stiller til nettmøte

