Semipermeabel

Fjorden baby!
Til Monskarolinas vener: Oselvaren vart i dag sjøsett for sesongen, teipen har løsna og åra var framleis knekt – vi kan likevel melde om at Monskarolina framleis flyt betre enn Titanic (det var 50-50, så vi tok med alle redningsvestane vi fann).
Med margarin i alle bordrever under vasslina reduserer ein oddsa for semisubmersibilitet, ettersom røynde folk seier.
Har kome langt med gaffateip, men den ser ut til å løsne etter berre to år i saltvatn – jammen sa eg smør (neste gong).