Menneske er som dyr iblant

Skrive av Arild den 23. november 2008


Postkortskriving og logring på Fløyen i dag

På fredag vann eg den opne norske psykologmeisterskapen i aking i arbeidstida. Vinteren er med andre ord innom, og vi er ute til lenge etter at det vert mørkt. Desse helgedagane har eg fått tatt del i den stolte bergenske tradisjonen aking (frå Fløyen) med menneskelege hinder. Så langt kan eg melde om personskade kun på utøvaren, og to øydelagde akebrett.

Og til slutt, ein notis:
“Kaizers Orchestra tatt i kontroll på kontinentet” (og dei følgjer opp med: Bandet som er kjent for låter som «Kontroll på kontinentet» og «Die Polizei», ble altså stanset i førstnevnte av sistnevnte)

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

6 kommentarar til “Menneske er som dyr iblant”

  1. 1Hedda
    november 23rd, 2008 @ 20:17

    Ubetaleleg…

  2. 2mod
    november 23rd, 2008 @ 20:53

    Haha, det vart artig, det biletet. Eg høyrer framleis akebrett skrape forbi på snøen/grusen nedanfor huset. Elles er Twin Peaks ei kjekk sundagstidtrøyte.

  3. 3s
    november 24th, 2008 @ 22:02

    Strålande. Eg er ein hund etter slike bilete

  4. 4Andreas
    november 24th, 2008 @ 22:38

    Priceless. Eg lo spontant. (Av biletet altså)

  5. 5janne
    november 26th, 2008 @ 0:56

    Dette bilete minner meg om eit anna eg har sett. Prøvde å finne det att no, utan hell. Uansett: Det var på baksida av fagbladet Journalisten, der det alltid er eit spesielt godt pressebilete som vert plukka ut og fotografen får fortelje litt om biletet.

    I vel fire timar hadde han vore utanfor slottet for å få knipsa. Venta på den rette augneblinken: Då ei av vaktene løfta beinet på nøyaktig same tid som ei due i forgrunnen. Heilt fantastisk bilete.

    Dette var òg knall.

  6. 6Arild
    november 26th, 2008 @ 23:13

    Enkel moro dette. Eg slapp å vente i fire timar, det er kjekt når eg klarar å fange det eg berre ser i augekroken.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

RSS Lygekors på halsen (blog #2)

Andre stader

Arkiv