# 5
Skrive av Arild den 20. november 2008

Telting for vidarekomne, Ulriken i november
Det snør! I Bergen! Men det vart svart ute før det vart kvitt, skal tru kva vi vaknar opp til i morgon.
Her er dagens liste:
- The Source of Christmas speler opp den tolvte desember, klappeland!
Immaturus syner Rocky – The big payback neste veke, billett i boks.
More modern short stories from Hello Saferide må vel vere haustens songsamling?
Fått meg ny vidvinkel gitt, igjen.
Har litt trua på Anna Ternheim – Leaving on a Mayday, skal få ipodda seg tenkjer eg.
4 kommentarar til “# 5”
1Ivar
november 21st, 2008 @ 2:42
Jepp det er telting for viderekomne, eller reinsdyrs jegere… eller forvirra dansker
) Flott bilde, og flott komponert.
2andreas
november 21st, 2008 @ 16:38
Steike det må vere komfort. Skal eg og byrje å dra med på fjellet.
3janne
november 22nd, 2008 @ 8:33
Rocky skal sjåast i kveld, i alle fall. Så sant Immaturus har hugsa å skrive namnet mitt på to av billettane. Gler meg!
Viktig er det òg å få med seg at Are Kalvø oppsummerer 2008 på Ricks 10. desember. Gett om eg har booka meg ein papirlapp?
4Arild
november 22nd, 2008 @ 18:07
Då er A.K.-oppsummering notert, takkar for tipset.
Andreas: K. fortalde at du hadde fått lettare ski, så då passar det bra å få noko anna å dra på. Eg meiner å hugse at dei hadde plassert ei campingvogn halvvegs opp mot Skålatårnet for nokre år sidan (på den andre sidan, trappene og tårnet på toppen er meir imponerande).
Skriv ein kommentar