Lange brett & korte dagar

Skrive av Arild den 13. november 2008


God asfalt, Sandane. Knipsa frå brett i fart (med Ryssdalshornet i bakgrunnen)

Dvergdagar, dagar så korte at dei ikkje heilt når opp i konkurranse med dei lange, lyse. I sommar fann eg ein del god longboardasfalt på Sandane, driv å pakkar fotoutstyret no for å reise opp att for julepølselaging med slekta - men longboardet må nok stå att heime.

(som kartentusiast utan retningssans legg eg ut longboardløypa under, så veit du og eg kor eg har vore)

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

4 kommentarar til “Lange brett & korte dagar”

  1. 1Ivar
    november 13th, 2008 @ 18:37

    Flott bilde, artig skyggespill, viser hvor lav solen er.

    virker som en fin rute det, med fin utsikt.

  2. 2Håvard
    november 13th, 2008 @ 19:29

    Pent. Kva brukte du til å registrere løypa?

  3. 3H
    november 13th, 2008 @ 19:56

    Artig du skulle dra fram eit kart frå Sandane. Eg har nemleg ein vits om den staden som ligg om lag der i nederste høgre hjørnet.

    “Veit du kvar i Noreg dei heilt sikkert ikkje treng eksorsist?”

    “Eidemona”

    Mine 2 cent.

  4. 4Arild
    november 14th, 2008 @ 12:25

    I: Sandane om sommaren, svært vanskeleg å slå!

    H: Kjempeartig, men eg skjøna ikkje heilt kva du meinte (er eg treig no?)

    Hå: Hadde ein Nokia N95 med sportstracker installert for å måle fart og tracke ruta. Diverre kan ein ikkje få opp maxfarten i etterkant, så når det gjekk som fortast (dvs. for fort) stod eg og og prøvde å sjå på skjermen utan å falle av. Alltid fint å kunne kombinere nerding med risikoaktivitetar. (Sjekk elles ut sportstracker.nokia.com eller noko slikt (kan importere GPX-format).

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

RSS Lygekors på halsen (blog #2)

Andre stader

Arkiv