Nord & Nes

Nordnes + 50/1.4 – eg har reparert G. sin 50/1.8 i dag, yay!

På fredag vann eg den opne norske psykologmeisterskapen i aking i arbeidstida. Vinteren er med andre ord innom, og vi er ute til lenge etter at det vert mørkt. Desse helgedagane har eg fått tatt del i den stolte bergenske tradisjonen aking (frå Fløyen) med menneskelege hinder. Så langt kan eg melde om personskade kun på utøvaren, og to øydelagde akebrett.
Og til slutt, ein notis:
«Kaizers Orchestra tatt i kontroll på kontinentet» (og dei følgjer opp med: Bandet som er kjent for låter som «Kontroll på kontinentet» og «Die Polizei», ble altså stanset i førstnevnte av sistnevnte)

Det snør! I Bergen! Men det vart svart ute før det vart kvitt, skal tru kva vi vaknar opp til i morgon.
Her er dagens liste:
