Berg & dalbane
Skrive av Arild den 14. juli 2008

Utsikt frå Ulriken laurdag, den kvite prikken nedanfor Løvstakken er eit bittelite småfly
Ikkje bestenoteringar, men notert likevel:
- Ti dagar til ferie, og vi feirer med å gå med dei nypussa fjellskoa inne
- I passiar med min bror lanserte eg uttrykket “det prosaiske trussamfunn”, godt nøgd
- Mykje kan tyde på at eg har kjøpt meg eit nytt kamera, lenge sidan sist no!
- Rykta er sanne, eg har (ilag med S&D) begynt å stå på brett, nærare bestemt longboard. Var ute og rulla i bakkane på mitt Fibreflex Pintail 44″ på laurdag, klarte å buksere meg inn i noko buskas i berre kortbuksa, dette forklarer nok dagens vonde rygg.
- Apropos forbetringspotensiale, longboarding har eit stort forbrødringspotensiale - rullings er overraskande sosialt.
ein kommentar til “Berg & dalbane”
1andreas
juli 22nd, 2008 @ 16:50
Det hadde eg jammen ikkje trudd, at du var ein rullar.
Kjekt
Skriv ein kommentar