Candidatus psychologiae!

Skrive av Arild den 20. juni 2008


Oselvarentusiasten og psykologen A. på djupt vatn, igjen

Yay! I dag var det på med den finaste 1 dressen for høgtidleg avslutningsseremoni på Hotell Norge. Etter sju år med psykologi og totalt ti år som student ved UiB er eg no endeleg utstudert 2. Eg kjem til å sakne fakultetet og alle folka, men gler meg til å få breiare klinisk erfaring, jobben står klar 0800 måndag morgon 3. Under dagens festivitas fekk vi overrekt det spraglete UiB-slipset samt ei rad akademiske handtrykk, men eg sette størst pris på cand. psychol.- og autorisasjonspapira. No kan framtida berre komme, høgtid og velstand!

  1. Les: den einaste.
  2. Spesialiseringa tek til allereie til hausten.
  3. Helse Bergen, kor elles?

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

11 kommentarar til “Candidatus psychologiae!”

  1. 1bertil
    juni 21st, 2008 @ 12:41

    Grattis Arild!!
    Høgtid på høg tid. 10 år er jo ikkje så ille :p

  2. 2andreas
    juni 21st, 2008 @ 18:49

    Gratulerer

  3. 3Åsmund
    juni 22nd, 2008 @ 0:36

    Hipp, hipp!

  4. 4Arild
    juni 22nd, 2008 @ 19:15

    Takk, takk! Ti år er ingenting, måtte uansett passere dei åtte universitetsåra til dei gamle.

  5. 5Hans Inge
    juni 23rd, 2008 @ 16:39

    Gratulerer, Arild! :) 10 år er aldeles ingenting, men en gratulasjon må være lov.

    Håper det ikke ble for mange kompliserte skjebner på første arbeidsdag.

    *Avslørt som smugkikker på bloggen…*
    **Beklager bokmålen**

  6. 6Ingis
    juni 24th, 2008 @ 18:59

    Eg sit her med tårer i augo (rørt, altså) (ja, ein blir noko hormonell av graviditet/ fødsel/ amming). Gratulerer!

  7. 7Arild
    juni 25th, 2008 @ 10:33

    Hans Inge! Lenge sidan, kjekt du følgjer med :-)

    I.: Takk!

  8. 8Nils Magnus
    juni 29th, 2008 @ 22:26

    Betre seint enn aldri: Gratulerer så mykje! Du skal ikkje studere 10 år til vel? Mulig lånekassen ikkje går med på det men ;)

  9. 9R
    juli 17th, 2008 @ 19:21

    Det er berre så FANTASTISK at du ror med skikkelig mannete skinnhanskar. Skjønar poenget, men likevel… Verdt mange gode latterkuler :)

  10. 10Arild
    juli 19th, 2008 @ 19:14

    Så, eg gjer meg sjølv til latter. Elles noko nytt? ;-)

  11. 11Kristin
    august 2nd, 2008 @ 16:38

    10 år er aldeles noko, og litt meir faktisk. På tide å dra inn årane no..:) elles syns eg at dei mannete kinnbeina dine tar merksemda heilt frå hanskane. Whoho, den satt!:)

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

RSS Lygekors på halsen (blog #2)

Andre stader

Arkiv