Candidatus psychologiae!

Oselvarentusiasten og psykologen A. på djupt vatn, igjen
Yay! I dag var det på med den finaste 1 dressen for høgtidleg avslutningsseremoni på Hotell Norge. Etter sju år med psykologi og totalt ti år som student ved UiB er eg no endeleg utstudert 2. Eg kjem til å sakne fakultetet og alle folka, men gler meg til å få breiare klinisk erfaring, jobben står klar 0800 måndag morgon 3. Under dagens festivitas fekk vi overrekt det spraglete UiB-slipset samt ei rad akademiske handtrykk, men eg sette størst pris på cand. psychol.- og autorisasjonspapira. No kan framtida berre komme, høgtid og velstand!
Grattis Arild!!
Høgtid på høg tid. 10 år er jo ikkje så ille :p
Gratulerer
Hipp, hipp!
Takk, takk! Ti år er ingenting, måtte uansett passere dei åtte universitetsåra til dei gamle.
Gratulerer, Arild!
10 år er aldeles ingenting, men en gratulasjon må være lov.
Håper det ikke ble for mange kompliserte skjebner på første arbeidsdag.
*Avslørt som smugkikker på bloggen…*
**Beklager bokmålen**
Eg sit her med tårer i augo (rørt, altså) (ja, ein blir noko hormonell av graviditet/ fødsel/ amming). Gratulerer!
Hans Inge! Lenge sidan, kjekt du følgjer med
I.: Takk!
Betre seint enn aldri: Gratulerer så mykje! Du skal ikkje studere 10 år til vel? Mulig lånekassen ikkje går med på det men
Det er berre så FANTASTISK at du ror med skikkelig mannete skinnhanskar. Skjønar poenget, men likevel… Verdt mange gode latterkuler
Så, eg gjer meg sjølv til latter. Elles noko nytt?
10 år er aldeles noko, og litt meir faktisk. På tide å dra inn årane no..:) elles syns eg at dei mannete kinnbeina dine tar merksemda heilt frå hanskane. Whoho, den satt!:)