Arkiv for juni, 2008

Det er noko vi må snakke om

måndag, 30. juni, 2008


Du, kom ut! No er det opplett! ..øh, berre gløym det.


Hæ? Eg høyrer ingenting i denne vinden.

OK, eg har tenkt at det berre var eit arbeidsuhell. Alle kan jo gjere feil, tenkte eg. Eg har sett den andre vegen og rekna med at det ville ordne seg av seg sjølv. Men nok er nok. Korleis kan det ha seg at i overkant oppegåande kvinner og menn (ja, kanskje spesielt menn) vel vin før song og piker? Har det verkeleg gått så langt? Er det eit slikt samfunn vi vil ha? Lar vi songane og pikene brenne inne medan vi reddar vinen ut av det brennande huset? Treng vi fleire retoriske spørsmål?
Eg reiser no ut på ei øy nokre dagar, og reknar med at ting ser annleis ut når eg kjem attende. Dåkke veit kva som må gjerast, om ikkje bør dåkke gå i dåkke sjølve - og bli der.

(more…)

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Gjønavatnet - Kikedalen - Gjønanibben

sundag, 29. juni, 2008


På toppen av Gjønanibben etter å ha klarta opp ei (nesten) tusen meter lang ur

Etter ei veke med arbeidsliv var det naudsynt å rømme litt frå Bergen, prestesonen fekk med seg psykologsonen (Ø.) og lensmannsonen (P.) på oppdagingsferd inn Gjønavatnet og opp Kikedalen. Turen tok til med eit stopp innom Hålandsdalen leirskule, der eg fekk helst på gamle kjende og lånt båt for turen inn vatnet. Eg merka at eg sakna både leirlivet og turane inn den fantastiske dalen, aiaiai. Vi nådde ikkje Gjønakvitingen denne gongen, så då må vi heldigvis inn att ein annan gong.

(more…)

Rakettvitskap | 2 kommentarar

Ψ

laurdag, 21. juni, 2008


But why?

Rakettvitskap | 6 kommentarar

Candidatus psychologiae!

fredag, 20. juni, 2008


Oselvarentusiasten og psykologen A. på djupt vatn, igjen

Yay! I dag var det på med den finaste 1 dressen for høgtidleg avslutningsseremoni på Hotell Norge. Etter sju år med psykologi og totalt ti år som student ved UiB er eg no endeleg utstudert 2. Eg kjem til å sakne fakultetet og alle folka, men gler meg til å få breiare klinisk erfaring, jobben står klar 0800 måndag morgon 3. Under dagens festivitas fekk vi overrekt det spraglete UiB-slipset samt ei rad akademiske handtrykk, men eg sette størst pris på cand. psychol.- og autorisasjonspapira. No kan framtida berre komme, høgtid og velstand!

  1. Les: den einaste.
  2. Spesialiseringa tek til allereie til hausten.
  3. Helse Bergen, kor elles?

Rakettvitskap | 11 kommentarar

Barnearbeid

måndag, 16. juni, 2008


Rakettvitskap | Ein kommentar

Solfangar

sundag, 15. juni, 2008


H. fangar den siste kveldssola inn kjøkenglaset hjå G&I halv tolv i kveld

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Tre er gode ting, alltid

laurdag, 14. juni, 2008


Smørsangaren, Oslofantasten & pastakjennaren K., vitja Bergen under trefestivalen førre helga

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Eli

onsdag, 11. juni, 2008


Sandane, to somrar sidan

Rakettvitskap | Ingen kommentar

onsdag, 11. juni, 2008


Krispkveld på Bryggen

Eg tel framleis på ordknappane, men her er i alle fall litt lese- og høyrestoff i regnveiret:

Rakettvitskap | Ein kommentar

Familj

tysdag, 10. juni, 2008


Sandane, eit par månader sidan

Rakettvitskap | 2 kommentarar

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Alle gode ting er tre, men kven er best?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv