Om å grafe sin eigen graf / Lydbølge
Last.fm har sidan 2003 sladra om kva musikk eg høyrer på, dette har ført til eit utal opphald i kasjotten hjå musikkpolitiet, men eg fekk då denne fine grafen.
(trykk her for å få opp ein enorm (19k px) og lesbar versjon)
Dæven, dette er statistikk-porno for ein nerd som meg! Nydeleg graf!
Er den heimelaga eller har du brukt ei teneste for å lage den?
Så mykje bra, Sufjan Stevens og greier. Men kvar har du David Eugene Edwards (16 Horsepower og Woven Hand). Burde vere interessant for ein mann som deg, etter det eg ser.
Gløymte å takke for tipset om last.fm. Eg visste ikkje kor mykje eg hadde sakna Pandora før no. Supert.
TT: Kan ikkje skryte på meg eigenprodusert graf, brukte denne tenesta. For dei som vil prøve ut kan ein leike seg med mine lastgraph-data her.
B: Har ikkje høyrt noko på 16 Horsepower og Woven Hand, har ikkje kome så langt. H. har prøvd å få meg til å høyre på 16 Horsepower tidlegare, kan hende det blir tid til å sjekke det ut etter heimeeksamen.
Har eg anbefalt deg å høyre på 16 HP? Kan virke som ei feilvurdering frå mi side.
last.fm held forøvrig på med eit nytt grensesnitt.