Frisk bris

Den galne mannen og havet
Stikk berre innom for å seie at eg så langt har hatt ein heilt fortreffeleg mai månad i Bergen. Store flokkar med gode folk driv rundt i byen, klare for å finne på både det eine og det andre så fort sjansen byr seg. Nattjazz rullar og går kvar kveld, men svært varierande konsertkvalitet (det er ikkje all impro/avantgarde ein må få med seg, men Bilal var knall!). Oioi-festivalen kjem inn vindauga kvar ettermiddag, heimeeksamen verker å vere overkommeleg, psykologjobben er spikra (..og med fast jobb følgjer det ferie!), og snart kan eg lære å skade meg på longboard (meir om det, er eg redd). Og sola skin. Sola skin slik eg trudde den kun gjorde i sommarferiane på femtitalet, eg har allereie slite ut ei kortbukse og to par solbriller.