Solbrillefint

Gissekonkurranse
Om eg seinare skulle bla attende og lese dette: Hovudoppgåva vart levert inn førre veke, etter det har dagane vore stappfulle av sol, solide mengder is, krokketsiger, vinglehyseekstravaganza, grilling, mysing, parkliv, ballar av stål (petanque), bollar av mjøl (med rosin), båtliv (Monskarolina flyt framleis!) – og folk, ikkje minst folk: T., K., H., K., P., E., G., Ø., D., osb.., eg har hengt med brorparten av konsonantane og ein del vokalar, det blir reint for mykje, og i morgon startar hypnosekurset, aiai.
Til dåkke andre:
-
Popsongar bør vare i 2 m. 42 s., som The La´s – There she goes, med tilhøyrande speleliste.
-
Meir pop: Songtekstar grafisk framstilt
- Ein fotograf med eit nært forhold til fisk.
- Ein annan fotograf med eit nært forhold til sommar.
Til sist:
Om du: a) vil sjå verdas lengste nettside b) bruke opp bandbreidda mi, eller c) beggje deler, kan du sjå på absolutt alle innlegga eg har posta frå 2004 og fram til no i omvendt kronologisk rekkjefølgje.
Er du sikker på at du ikkje meinte «Ein annan fotograf med eit nært forhold til nakne kroppar» (ikkje sommar altså)?
Det vart kanskje litt sterk kost for deg dette, skal hive på ein NSFW slik dei gjer i junaiten neste gong
Du trudde eg vart støytt av dette? Du som snart kan kalle deg psykolog og menneskekjennar – lovar ikkje godt!
ÅTVARING til alle som lurer på kva NSFW står for og som googlar alt dei lurer på.
Sørg for at du sit usjenert og for all del, ikkje nytt jobb-PC´en din. Treffa dine vil vere NSFW(not safe for work) Sjølv sit eg her og skjelv og ventar på reprimande frå overordna.