Gode ektefolk / ekte godtfolk

Skrive av Arild den 13. april 2008


Kenneth + Beate = sant! Knipsa før dei sykla frå kyrkja i går ettermiddag

Vel, kva kan ein seie? Eg er ein heldig herremann. I går fekk eg vere forlovar i bryllaupet til K & B (og S.). Det var stor stas og gedigen festivitas. (Eg tok berre ei handfull bilete, då eg hadde andre oppgåver, men her er no eit minne). Gode dagar!

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

9 kommentarar til “Gode ektefolk / ekte godtfolk”

  1. 1mod
    april 14th, 2008 @ 15:40

    Nice! Er forresten alt ekte hår?

  2. 2Arild
    april 14th, 2008 @ 17:15

    Ekte ektefolk, men du er oppteken av ekte hår? Vel,vel. Burde ha kalla innlegget Bryllaupsreise, køyrde 80-90 mil totalt i helga. I oppoverbakke. Med piggdekk. Utan anlegg. Men klaga vi? Aldri.

  3. 3mod
    april 14th, 2008 @ 21:43

    Kanskje ikkje klaging då, men no er tydelevis ei anna sak… Er du fri frå oppgåvehelvetet no?

  4. 4Kristine
    april 15th, 2008 @ 4:38

    Fyttiflaten det va eit finfint bilde! Sku ønske eg klarte å feste noko slikt på filmen eg tok i helga (det høyrest veldig mykje finare ut med film enn bildebrikke), men på vårt kamera vart det mykje snapshots gitt. Jaja. Det kan vel hende der er eit og anna brukbart innimellom, skal godt gjerast å få berre kjipe bilder med så mange feiande flotte folk i fokus. Alliterasjon, remember?

  5. 5Tante Sol
    april 15th, 2008 @ 13:39

    Ganske sikker på at alt håret tilhørte bruden ja… Dette kun til orientering.

    Ellers A, strålende bilde, strålende tale og generelt godt jobba!

    Du er kul!

    (Beklager at jeg ikke skrev på nynorsk;))

  6. 6Arild
    april 15th, 2008 @ 18:44

    Takkar & takkar!

    Bokstavrim er tingen, kunne kanskje slengd på fleirfaldige (før feiande flotte) i staden for så mange - men kva veit vel eg? (no når eg har innsett at eg eigentleg skriv normert samnorsk..)

    Eg burde kanskje ha knipsa meir, men det vart ikkje så mykje rom til slikt. Trur H. & Ø. fekk nokre fine, dei knipsa verre enn reivarar på dansetilstelning.

  7. 7K.
    april 15th, 2008 @ 23:32

    Feiande flott fargefritt foto - fantastiske faen!

    fher fhar fvi ftakkekortet fi fboks :)

  8. 8H
    april 18th, 2008 @ 21:42

    Det er greit det K, eg er ikkje bitter. Neida, ikkje bitter. Eg hadde nokre fine bilete, men dei ligg godt på harddisken. Som sagt ikkje bitter i det heile. Slett ikkje bitter.

  9. 9Arild
    april 20th, 2008 @ 11:23

    K., det høyres ut som H. er litt bitter, ikkje? Han seier han ikkje er det, men eg trur ikkje heilt på han. Kan ikkje du, som psykolog og kjennar av menneske og gode vinar finne ut av det?

    A., godt nøgd med utviklinga dei siste dagane.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.