Merksnodig

Skrive av Arild den 26. mars 2008

sol.jpg
Sol, og ein gløymer at hovudoppgåva må leverast om to veker

Snerkmodig: Når du er så gamal at du ikkje lenger er redd for snerket oppå kakaoen.
Andre stader: Rap-tekstar framstilt grafisk & matematisk.

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

7 kommentarar til “Merksnodig”

  1. 1bandanders
    mars 28th, 2008 @ 15:33

    kremsongID: Noko alle usikre musikkmeldarar ynskjer seg ?

    Men no sløkkjer eg lyset, pakkar ned PC´en og tek helg. Denne kommentaren skulle vel tyde på at det var på tide. God helg

  2. 2janne
    mars 29th, 2008 @ 14:49

    Må berre få sagt at knollen min alltid les “badeanders”, før eg les “bandanders”. Så veit du det. Til mitt forsvar er eg ikkje dysletikar, berre veldig glad i gule gakkar.

  3. 3badeanders
    mars 30th, 2008 @ 8:51

    Det vret sgat at derosm vi edrnar ein teskt silk at den frtsøe og sitse baokstven vert stdnaåe og stoakkr retesn, er vi fmilears i santd til å få med oss iehladnnt i ttesken.

    Her er ei lenke til ein enkel tekstprosessor som eg nytta til innleiinga her:

    http://www.dcs.shef.ac.uk/~cursu/cursu/files/myDemos/wordsApplet/WordsApplet.html

    No poppa det opp ein litt skummel tanke her: Skulle ikkje dette vere ein indikasjon på at skumlesing eigentleg er ei form for serie-ønsketenking ?

  4. 4Tante Olivia
    mars 30th, 2008 @ 16:49

    Det der var vel heller gamalt nytt, badeanders/bandanders? SiB har hatt dette på serviettane sine i årevis!

  5. 5bandanders
    mars 30th, 2008 @ 17:43

    Endå meir gamalt nytt:

    Se, der fikk fanden fordi han var dum og ikke beregnet sitt publikum.

    Kanskje kan det telje til min fordel (i denne samanhengenm) at eg ikkje veit kva SiB er for noko ein gong.

  6. 6Tante Olivia
    mars 30th, 2008 @ 19:01

    SiB=Studentsamskipnaden i Bergen – men det er vel heller ikkje den einaste plassen eg har lese om dette før.

  7. 7bandanders
    mars 30th, 2008 @ 21:43

    Med fare for å måtte betale husleige her i kommentarfeltet, vil eg publisere eit par nyhende frå “Avdeling for absolutt siste nytt”

    Først den glade:
    Eg gjekk no i kveld for fyrste gong sidan palmesøndag tørrskodd mellom kjellardøra mi og fjøsen.

    Så den trasige:
    Halvtoneventilen på trompeten min kilte seg for 10 minutt sidan.

    Provet finn du her om du vil: http://dansebandmuseum.blogspot.com/

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

RSS Lygekors på halsen (blog #2)

Andre stader

Arkiv