Glad røykelaks / Røykt gladlaks
Skrive av Arild den 12. mars 2008

Folk, ein kan ikkje gjere alle til laks
Dagane minner stadig meir om popsongar, eg spår snarleg vår. i tillegg til å bakse med desse intersubjektivitetsteoretikarane har eg i dag fått testa det nye svømmebassenget spesiallaga for studentar nedtynga av studielån og oppløfta av tankens kraft. Sant å seie hadde eg venta meg meir, spesielt på oppdriftsida. Eg fekk attende den synkande kjensla av å ha tatt meg vatn over hovudet, nei, eg hadde venta meg meir. Men vi har då musikken! I dag i form av Anna Järvinen - Jag fick feeling, Cat Power i ymse opptak og eit par riktig vonde songar frå Mikronesiaføderasjonen. Til helga blir det tog, snø, ski og andre trebokstavsaktivitetar (giss).
8 kommentarar til “Glad røykelaks / Røykt gladlaks”
1Ronnie B. Wild
mars 13th, 2008 @ 10:54
Sex?
2Arild
mars 13th, 2008 @ 16:56
Hah! Eg hadde venta den kommentaren tidlegare, begynner du å miste grepet?
3Tante Olivia
mars 13th, 2008 @ 19:33
Æsj. Det skulle eg skrive. Men reknar med at det ultrakonservative herr A. sikta til var “egg”. Eller i beste fall “sol” - her har det vore sol og opplett sidan måndag.
4Arild
mars 14th, 2008 @ 13:28
Hei, kva med å vere litt grei? Kor tid vart det umoderne? (eg fekk ikkje memoet)
5Tante Olivia
mars 14th, 2008 @ 19:30
Er eg inkjekjønn (takk for den!)? Greit kan du vere sjølv. Umoderne er ikkje det same som ultrakonservativ.
6Arild
mars 18th, 2008 @ 19:58
Ein t for mykje. Eg spurte om du ikkje kunne vere litt grei, og lurte på kor tid det var blitt umoderne å vere nett det.
7Tante Olivia
mars 18th, 2008 @ 20:09
Åja, då misforstod eg visst. Eg er litt grei av og til, trur eg? Håper eg.
8Tante Olivia
mars 30th, 2008 @ 13:09
Sei meg; er Andreas Viestad (matskribenten i Dagbladet Magasinet) fast lesar av bloggen din? Han har i alle fall tittelen “Alle til laks” i Magasinet frå i går.
Skriv ein kommentar