Glad røykelaks / Røykt gladlaks

svartkvitt.jpg
Folk, ein kan ikkje gjere alle til laks

Dagane minner stadig meir om popsongar, eg spår snarleg vår. i tillegg til å bakse med desse intersubjektivitetsteoretikarane har eg i dag fått testa det nye svømmebassenget spesiallaga for studentar nedtynga av studielån og oppløfta av tankens kraft. Sant å seie hadde eg venta meg meir, spesielt på oppdriftsida. Eg fekk attende den synkande kjensla av å ha tatt meg vatn over hovudet, nei, eg hadde venta meg meir. Men vi har då musikken! I dag i form av Anna Järvinen – Jag fick feeling, Cat Power i ymse opptak og eit par riktig vonde songar frå Mikronesiaføderasjonen. Til helga blir det tog, snø, ski og andre trebokstavsaktivitetar (giss).


Rakettvitskap — Arild @ 12. mars, 2008

8 innspel »

  1. Sex?

    Innspel by Ronnie B. Wild — 13/3/2008 @ 10:54
  2. Hah! Eg hadde venta den kommentaren tidlegare, begynner du å miste grepet?

    Innspel by Arild — 13/3/2008 @ 16:56
  3. Æsj. Det skulle eg skrive. Men reknar med at det ultrakonservative herr A. sikta til var «egg». Eller i beste fall «sol» – her har det vore sol og opplett sidan måndag.

    Innspel by Tante Olivia — 13/3/2008 @ 19:33
  4. Hei, kva med å vere litt grei? Kor tid vart det umoderne? (eg fekk ikkje memoet)

    Innspel by Arild — 14/3/2008 @ 13:28
  5. Er eg inkjekjønn (takk for den!)? Greit kan du vere sjølv. Umoderne er ikkje det same som ultrakonservativ.

    Innspel by Tante Olivia — 14/3/2008 @ 19:30
  6. Ein t for mykje. Eg spurte om du ikkje kunne vere litt grei, og lurte på kor tid det var blitt umoderne å vere nett det.

    Innspel by Arild — 18/3/2008 @ 19:58
  7. Åja, då misforstod eg visst. Eg er litt grei av og til, trur eg? Håper eg.

    Innspel by Tante Olivia — 18/3/2008 @ 20:09
  8. Sei meg; er Andreas Viestad (matskribenten i Dagbladet Magasinet) fast lesar av bloggen din? Han har i alle fall tittelen «Alle til laks» i Magasinet frå i går.

    Innspel by Tante Olivia — 30/3/2008 @ 13:09

RSS-nyheitsstraum med innspel til dette innlegget. TrackBack URI

Legg att eit innspel







Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity