Picassoveir

Vi ser på tørka maling

Relativt mange utnytta det flotte museumsveiret sundag
Via Bror II vart eg tipsa om den flotte Stuff white people like, aiai, minner meg om gamle Black people love us. Elles har eg fått brukt ordet intersubjektivitetsteoretiseringa i dag, oppgåveskriving har då sine lyse sider, ikkje? Som om ikkje dette skulle vere nok har eg fått spelt lag-frisbee og hatt filmrullopptelling (femtito). Ja, denne karen brenn verkeleg sitt lys i beggje endar!
Sjølv fekk eg brukt «åtgaum» i masteroppgåva mi – det synest eg alle bør freiste å få til!
Tenkje seg til. Det var fleire som braut forbodet om å ta bilete inne på utstillinga, ja.
Hæ? Var det forbode å ta bilete på nett den utstillinga? Eg såg skiltet om at det var forbode å hive stein og springe med lanse, men ingenting om fotografering. (Pablo var no relativt glad i fotografar, i si tid)
Var eit lite skilt med eit kamera ved inngangspartiet i andre etasje. Vi såg det ikkje før vi gjekk ut der i frå. Vakta sa ingenting, så då gjor ikkje vi det heller. Skal ein ikkje få ha det morosamt når ein er på kunstutstilling heller no?
Hm, eg meinte eg las ein plass at det var lov å knipse alt anna enn E. inne på utstillinga. Men kva veit vel eg?