Rundt midnatt

Skrive av Arild den 8. februar 2008

terapi.jpg
Blåmann, blåmann

Etter Dr. Melfi i Sopranos var det kanskje ikkje så overraskande, men likevel gledeleg: HBO har starta å sende In treatment, ein dramaserie der ein følgjer ein psykolog sine møter med fire-fem pasientar, og hans eigne møter med sin rettleiar. Svært underhaldande og interessant å sjå korleis ein har klart å lage terapitimar til god TV (ein har kutta ein del svingar). Serien har nett starta på HBO, eg har berre sett dei første seks episodane, men har allereie fått psykologvenene og deler av kullet mitt til å sjekke det ut. Så vidt eg skjøner byggjer In treatment på den israelske serien BeTipul frå 2005, men hebraisken min er såpass rusten at den nok ikkje er for meg.

Åja, her er ein fyr som klappar, fort.

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

3 kommentarar til “Rundt midnatt”

  1. 1andreas
    februar 8th, 2008 @ 15:48

    applauderar

  2. 2janne
    februar 8th, 2008 @ 21:58

    Hadde eg treft den karen i ei mørk bakgate, hadde eg vorte livredd.

  3. 3mod
    februar 11th, 2008 @ 16:11

    Ikkje noko nytt eller nyttig?

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Piker, vin, eller sang?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv