Svart magi / Kvit magi

Skrive av Arild den 28. januar 2008

boktest.jpg
Begynnande bok-bajaseri

Eg kom i skade for å importere fem hundre skanna bilete frå gamle dagar (les: 2004). Ei lukkeleg tid utan digitalkamera og anna kvit magi. Når eg såg att bileta, gjekk det som det måtte gå. Eg henta fram nokre gamle kontaktkopiar og stod plutseleg midt på stovegolvet med ein OM-1 i nevane (samt ein Canonet og ein XA på bordet). Åh, som eg saknar gamle XA´en og Hexar´en! Og TRI-X og Neopan, HP5 og Delta! Kontaktkopiar og gamal D-76, geriljamørkerommet! Det er ikkje første gong eg står midt på stovegolvet, ofte går det over av seg sjølv, men no sit det i - trur eg. Eg vil i alle fall prøve å lage ei lita bok med dei gamle bileta, og H. har allereie blitt oppmoda om å sende skannaren (og fleire kamera(!)) i posten. No skal eg leite opp att bereposen med utgått film eg veit eg har liggjande.

(om du har eit gamalt Fujica 690, eller ein Mamiya 6 liggjande, så send det min veg, ver så snill?)

Enno eldre emulsjon: The Capa cache

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

6 kommentarar til “Svart magi / Kvit magi”

  1. 1bandanders
    januar 28th, 2008 @ 11:04

    Etter denne posten (og fleire av dei eldre) å døme, er kanskje du den rette å konsultere.i denne saka:

    Det har seg slik at eg har ein snart 30 år gamal OM2 liggande. Han fungerer stort sett bra, men blits-synkroniseringa har ikkje fungert så lenge han har vore i mi eige. Veit du om nokon som kan finne ut om han er reparabel utan at taksameteret deira startar der tusenlappen endar ?

  2. 2.. og sånn går no dagane .. og sånn går no dagane .. og sånn går no dagane » Blog Archive » Old school og skanning
    januar 29th, 2008 @ 12:17

    […] har no snudd 183 grader (eller vorte meir “nyansert”?). Film og emulsjonsnektaren gjer retrett og ønskjer no å fikle med CLE-en min og skanne og greier og greier. Vel vel. Eg har hatt skannaren […]

  3. 3E.
    januar 29th, 2008 @ 19:17

    melding til bandanders …om du overlet OM-2`en til Arild ein gong(reknar med du kjenner han) kan eg sjå om det let seg gjere.

  4. 4Johnny Kverulant
    januar 30th, 2008 @ 11:12

    Har ikkje de ganske lite stovegolv? I so fall er det ikkje så vanskelig å treffe midten..

  5. 5Arild
    januar 31st, 2008 @ 17:23

    B: Eg har ein OM-1 liggjande, med defekt lysmålar - får nok aldri fiksa den. Eg vil nok tru at det sikkert kostar meir enn det smakar å reparere OM-2´en din. Hadde du vore i Bergen kunne nok Endre sett på det (som han allereie har foreslått). Du kan no la vere å bruke blitz (evt. bruke X-synk-kabel i staden for blitz-sko (..om det skulle hjelpe).

    JK: Det var då voldsomt, vi har fleire stovegolv, tenk!

  6. 6Mr. Johnson
    januar 31st, 2008 @ 20:33

    Ja slik er det med prestesøner, dei må ha fleire stovegolv. Men det er dei vel unt!

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.