Alexander Graham Bell

Skrive av Arild den 22. januar 2008

aasmund.jpg
Aa

Den seinare tida har eg følt at det har vore noko som har skurra når eg har snakka med folk. Det viste seg å vere telefonen. No har eg ny, så ring om du meiner vi har noko usnakka.

Dagens trivia: Både mora og kona til Bell var døve, og bror hass halta stygt.

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

8 kommentarar til “Alexander Graham Bell”

  1. 1janne
    januar 22nd, 2008 @ 22:38

    Dagens heitaste tips: http://bloggidol.wordpress.com/
    Du burde slenge inn eit bilete til foto-dagen (:

  2. 2bandanders
    januar 23rd, 2008 @ 7:28

    Kan hende var det eigentleg høyreapparat Bell prøvde å lage ? Han skulle i allefall ha motivasjonen Kan hende vart telefonen oppfunnen ved eit mistak.

  3. 3Kristine
    januar 23rd, 2008 @ 11:02

    Kjekt med finfin tilleggsinfo til fine bilete. Har laga meg blogg og i den anledning lagt ut ei lenke til sida di. Burde vel spurt om tillatelse først, men eg gjer det altså no. Ok? Bank meg om du vil.

  4. 4Arild
    januar 23rd, 2008 @ 14:09

    J: Hovudoppgåva tek tida, trur eg. Blir meir lesing om ideologiar enn idolisering.
    b: Du er nok inne på noko der, både Alex og faren var meir enn vanleg opptatt av hørsel, synes likevel det er festleg at telefonen vart resultatet. Eg vil tru oppfinninga fall for døve øyre heime.
    KreativeKris: Berre å linke i veg, skal stikke innnom sida og slenge opp ein link om tre augneblink.

  5. 5bandanders
    januar 24th, 2008 @ 13:15

    Vart av ein eller annan grunn litt hekta på Bell. Det syner seg at der er haldepunkt for hypotesen ”vår”. Mellom anna skulle fylgjande Bell-sitat tyde på det:

    -Eg hadde bestemt meg for å finne det eg leitte etter sjølv om eg skulle halde på resten av livet. Etter tallause mislykka forsøk, oppdaga eg til slutt prinsippet eg var på leiting
    etter og eg var forundra over kor enkelt det var. Eg vart endå meir forundra då eg såg at prinsippet eg hadde oppdaga ikkje berre var nyttig i arbeidet med konstruksjonen av eit mekanisk høyreapparat, men kunne også nyttast til å sende lyden av ei stemme gjennom ein ledning.

    Så mobilen er altså eigentleg ein spin-off av ein spinn-off av høyreapparatet.
    Ein eller annan burde ha forska på årsakene til kva ein heng seg opp i. Av og til verkar det heilt tilfeldig.

  6. 6G
    januar 25th, 2008 @ 17:53

    Eg hadde banka. Det e jo igrunn ei oppfordring det der. Bank meg om du vil. Eg seier bank meg om du tør. Piz.

  7. 7Arild
    januar 27th, 2008 @ 22:57

    Så, dei har fått internett i fengselet no, G?

    b: Strengteori ;-)

  8. 8bandanders
    januar 29th, 2008 @ 14:28

    Eg hugsar det som ei god tid. Året var 1979 og det som ikkje stod i Ormestad, Øgrim og Lunde si “Rom Stoff Tid” var ikkje verdt å bry seg med. Ein elekton var det minste som fanst og alle likningar gjekk opp. Så var det sjølvsagt ein gluping som måtte ta seg til rette og finne ut at det fanst noko ein kalla quarkar, ei oppdaging han meir enn gjerne delte med oss middelhavsfarar som heldt oss til boka . Verda vart aldri den same etter det..

    No er det altså von om at verda skal falle på plass att?Og det på grunn av ein teori som baserer seg på at ingen ting, hverken avstandar eller målestokkar er faste omgrep men, kun flytande storleikar som endrar seg alt etter observasjonsstad.? Eg spår dårlege tider for fundamentalistane.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

RSS Lygekors på halsen (blog #2)

Andre stader

Arkiv