Sovesofa

sovesofa.jpg
Systa + Ma, Førde + film


Rakettvitskap — Arild @ 31. januar, 2008






Svart magi / Kvit magi

boktest.jpg
Begynnande bok-bajaseri

Eg kom i skade for å importere fem hundre skanna bilete frå gamle dagar (les: 2004). Ei lukkeleg tid utan digitalkamera og anna kvit magi. Når eg såg att bileta, gjekk det som det måtte gå. Eg henta fram nokre gamle kontaktkopiar og stod plutseleg midt på stovegolvet med ein OM-1 i nevane (samt ein Canonet og ein XA på bordet). Åh, som eg saknar gamle XA´en og Hexar´en! Og TRI-X og Neopan, HP5 og Delta! Kontaktkopiar og gamal D-76, geriljamørkerommet! Det er ikkje første gong eg står midt på stovegolvet, ofte går det over av seg sjølv, men no sit det i – trur eg. Eg vil i alle fall prøve å lage ei lita bok med dei gamle bileta, og H. har allereie blitt oppmoda om å sende skannaren (og fleire kamera(!)) i posten. No skal eg leite opp att bereposen med utgått film eg veit eg har liggjande.

(om du har eit gamalt Fujica 690, eller ein Mamiya 6 liggjande, så send det min veg, ver så snill?)

Enno eldre emulsjon: The Capa cache


Rakettvitskap — Arild @ 28. januar, 2008






Gråsone

gamledagar.jpg
Som vaksen har eg utvikla eit nyansert syn på livet, men det er greit å vite at noko framleis er svart/kvitt


Rakettvitskap — Arild @ 27. januar, 2008






Det er ikkje alle kjepphestar du skal ri inn i solnedgangen

kjepphest.jpg
Eg kunne godt tenkje meg å vere innesperra mellom to ras på Filefjell no, er det unormalt?


Rakettvitskap — Arild @ 26. januar, 2008






Alexander Graham Bell

aasmund.jpg
Aa

Den seinare tida har eg følt at det har vore noko som har skurra når eg har snakka med folk. Det viste seg å vere telefonen. No har eg ny, så ring om du meiner vi har noko usnakka.

Dagens trivia: Både mora og kona til Bell var døve, og bror hass halta stygt.


Rakettvitskap — Arild @ 22. januar, 2008






Neste side »
This work is licensed under a Creative Commons Attribution-Noncommercial-Share Alike 3.0 Unported License.
(c) 2010 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity