Sogn og Fjordane, alle gode ting er tre
Skrive av Arild den 22. desember 2007

Femten sekund Jølsternatt, frå heimreisa i går kveld
Hei kor det går. Nokre opplevingar frå Gloppen så langt: Vakna til kald og klar sol, samt diger frukost. Fekk lurt bror min med på tur mot Utsikten og Austrheimsstøylen. Ein kar kom ut frå eit hus og fortalde at det hadde gått eit ras. Vi traska oppover i snøen og kulda, hadde ein flott pause i sola på årets mørkaste dag og kom oss heim att til graut og fyr i peisen. Etter graut leita eg fram skia til andre bror min og fekk meg nokre rundar i løypa på Kleivane, møtte ein ny fyr som skraut av min avdøydde morfar. No sit eg framfor peisen att, venter på meir slekt og meir mat, før eg skal ut og ta ei øl med M. Nesten litt i overkant dette.
4 kommentarar til “Sogn og Fjordane, alle gode ting er tre”
1H
desember 22nd, 2007 @ 21:45
Beltet til Orion og snøen til Astrup. Eg får nesten heimlengt.. Her nord er det sjølvsagt endå litt mørkare på årets mørkaste dag. Men vi har ete boknafisk og drukke 8 år gamal riesling frå Alsace, og sett på Tante Pose på DVD. Så alle er glade.
2Ingis
desember 23rd, 2007 @ 20:29
… og så har vi vunne gåvekort på 1000 kr hos Båt og Motor i adventskalendaren frå den lokale innebandygruppa. No vil H. ha seg scooterjakke…
3Arild
desember 23rd, 2007 @ 21:40
Du får prøve å stagge han, scooterjakke? Om ein ser bort frå dette høyres det ut som det vart jul likevel.
4Klatre-M
desember 24th, 2007 @ 12:47
Fullmånestjerner over fjord og fjell.. 3 gode ting, heilt sikkert. Og ein fjerde, tid til å stogge og nyte.
Skriv ein kommentar