Alden
Skrive av Arild den 19. desember 2007

Lettkaptein P., det var jo så varmt og fint veir i jula i fjor.
Eg fekk voldsomt sansen for Alden utanfor Askvoll i sommar. Lurar på om det går an å leige eitt av dei to husa på øya og halde hoff der nokre dagar neste sommar?





Av ein eller annan grunn har nokon tenkt at ein treng ei boble på den veglause øya

Toppen - Fjerne P. i det fjerne

Heimveg, solbrende og nøgde (fiskarhatt er jo berre såå 2007)
13 kommentarar til “Alden”
1mod
desember 19th, 2007 @ 17:40
Det var ikkje måte på!
2H
desember 19th, 2007 @ 18:14
Javel! Knapt tørr bak øyra, ikkje ferdig utdanna, og ikkje ring på fingeren. Men hoff skal han ha! Ungdomen no til dags!
Farvel Falckenberg? Eller var det Adjø Allden..
God Jul!
3mod
desember 19th, 2007 @ 18:54
Vel, eg har det frå ganske sikre kjelder at han kjem til å vere ferdig utdanna, og ha fått seg fast jobb før han har fylt 30… Så då er det kanskje på sin plass med eit lite hoff?
4Arild
desember 19th, 2007 @ 18:57
Ikkje noko Falkenberg her! Ein er då vaksne menn! Sjølv om din mentale alder (H) no bikkar seksti, treng du ikkje rakke ned på oss tjueåringane - om du oppfører deg kan du få vere ein del av hoffet.
Det med jobb veit eg jo ikkje, men det er vel lov å håpe.
5Elin
desember 19th, 2007 @ 19:21
ok, eg trur deg Arild.
6H
desember 19th, 2007 @ 19:30
Ja ja, flinke mannen. Treng du ein narr? Kven hadde du tenkt elles i hoffet ditt? Nokre lekre kvinnfolk? Og kva slags kvalitetar ser du etter i eit hoff på Alden? Er det primært speidarkunnskapar eller er det bokleg lærdom frå universitet/høgskule?
7H
desember 19th, 2007 @ 19:33
Og du kan godt leggje på deg litt i sympati med oss avdanka og resignerte menn i mellom fjord og fjell.
8Peter
desember 19th, 2007 @ 23:48
Vakre menneske og vakker natur!
Farvel Falkenberg, velkomen Alden!
Og for ein båt!
Huskar du tempoet over fjorden…slik skulle livet vere!
9Arild
desember 19th, 2007 @ 23:57
H: (og alle andre): Alle som vil kan vere med i hoffet, folk som har lese ein del om speiding og båling er svært velkomne.
P: Om eg finn eit leigehus på Alden må eg nok få låne båten nokre dagar, vi var vel oppe i eit par knop?
10Peter
desember 20th, 2007 @ 11:32
Eit par herlege knopp ja!
Brisen leika fint og stillt i håret (på hovudet)…
Eg tek gjerne det andre huset på øya! Du kan få bobla!
11Mr. Johnson
desember 20th, 2007 @ 11:48
Say no more, say no more!
12Frk M
desember 20th, 2007 @ 20:38
Dette gjev inspirasjon til sommartyrste
God jul! Har du fått stil på oppgåva?
13Arild
desember 21st, 2007 @ 0:11
Frk M: Sommaren er like om hjørnet! (har fått hol på opphåva, no skal den liggje å godgjere seg over jula)
Skriv ein kommentar