Skrive av Arild den 13. desember 2007

bruuuu-1.jpg
Vers, refreng, vers, refreng, bru.

Eg treng ein diger paraply, den treng ikkje tåle vatn - nokre tips?

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

3 kommentarar til “”

  1. 1bandanders
    desember 14th, 2007 @ 8:55

    Vanlegvis tek eg inn hagemøblane i stille resignasjon samstundes som eg heng opp juleneket. I bordplata er der eit hol. I det holet skal visstnok stanga til parasollen stå. Parasollen er ubrukeleg som paraply og har difor lege fint i kassa si sidan jonsok. Den parasollen kan du få dersom du betaler frakta, men eg trur det vert rimelegare å kjøpe ein ny på Jysk eller ein liknande stad. Er du rett heldig får du der ein rosa hagenisse og ein oppblåsbar vinkelslipar med på kjøpet.

  2. 2Arild
    desember 15th, 2007 @ 14:39

    Eit knasande godt tilbod! Eg hadde ikkje tenkt på parasoll - lurer på om det kanskje blir *for* stort, har planar om å lage meg ein slik: http://www.flickr.com/photos/pixxil/sets/72157603336730981/ - får luske meg innom Clas Ohlson ein tur. Oppblåsbar vinkelslipar og rosa hagenisse er sjølvsagt med å løfte livskvaliteten for alle lag av folket (du har ikkje skaffa dei via ebay, vel?)

  3. 3bandanders
    desember 15th, 2007 @ 22:18

    Dersom du ikkje finn det du treng på Clas Ohlson, må du prøve på Europris og vone at dei ikkje har rydda ut sommaren endå. Det er utruleg kva ein kan finne der.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Alle gode ting er tre, men kven er best?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv