Skrive av Arild den 10. desember 2007

tur i skogen-1.jpg
Tur i skogen, gauk, ko-ko, osb..

Eg sysla med litt hovudoppgåvetenking tidlegare i dag (har slutta med det no), og datt over dette somaliske ordtaket: “Simbir botbot bathan mathaha ayay kutega” (”ein fugl som flyg omkring åleine vil til slutt lande med hovudet først”).

Før desember starta fekk eg for meg at eg skulle poste eit nytt bilete kvar dag (alle tekne i julemånaden), som ein slags julekalender. No har eg både hoppa over ei rad dagar og posta to bilete frå oktober/november, men eg vil prøve å ha klart eit nytt desemberbilete kvar dag framover.

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

4 kommentarar til “”

  1. 1mod
    desember 10th, 2007 @ 18:36

    Takk! Eit fint tiltak for oss som eigentleg har altfor mykje å gjere, og difor helst gjer alt mogleg anna (som å lese “Lang dags ferd mot skabb”).

  2. 2hvrd
    desember 10th, 2007 @ 18:49

    Hm. Då eg var ung kalla vi det for adventskalender. Helsing Peti Meter.

  3. 3mod
    desember 11th, 2007 @ 11:49

    Eg brukte alltid å opne adventskalenderen om morgonen når eg var lita - kvar er luke nr 11? Det heile vert ekstra kritisk/akutt sidan dette er det første året mitt utan adventskalender…! Snufs.

  4. 4Arild
    desember 11th, 2007 @ 16:00

    Peti: Det er som kjend skrive mange songar og stev om skilnaden mellom avdent- og julekalender, høyr litt på dei du.
    mod: Det kjem fleire dagar, kan hende luke nr. 12 kjem før du er oppe?

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

RSS Lygekors på halsen (blog #2)

Andre stader

Arkiv