Byfjellninja / Kampestein
Skrive av Arild den 9. desember 2007

T. + E. + K. = trøbbel
Gode dagar dette. Eksternpraksisen ved smerteklinikken vart avslutta torsdag, eg fekk blomar og allting. Lyset - når det er til stades - er fint, og nokre gongar knirkar det under skoa.
Konserten med The Source: of christmas fredag var heilt glimrande. Sjekk ut julekalenderen med songar og konsertdatoar for Oslo & Trondheim. Det kan vere verd å setje bussar og tog i bevegelse for å få med seg konsertane
Her kjem ein film om ein gift fyr, han har som jobb å sitte utanpå helikopter og klatre rundt på høgspentliner, mindre energisk enn venta
Kanskje for spesielt uinteresserte, men her er ei liste over kjende julesongar skrive eller framført av jødar
Rakettvitskap |
| Attendetrakk
4 kommentarar til “Byfjellninja / Kampestein”
1Jacob S. Jensen
desember 9th, 2007 @ 20:28
Rigtig fint actionbillede
2janne
desember 10th, 2007 @ 1:40
“I’ve only been afraid for three things in my life. Electricity. Heights. And women. And i’m married to.” Modige mannen (: Verdt å sjå opp til, der han dinglar oppe i lufta med ørten volt under knea.
3bandanders
desember 10th, 2007 @ 11:04
Er dette ein reklamefilm for kognitiv terapi ?
4Arild
desember 10th, 2007 @ 17:18
Du tenkjer på noko innanfor systematisk desensitivisering? Det er ikkje sikkert at det er dette som er retninga på årsaksforholda. Kan hende han først vart redd for høgder, straum og damer etter at han fekk erfaring med desse områda? (eller at det er ein tredjevariabel som verker inn, men det kan ein berre spekulere i, og det er jo kjekt å gjere).
Skriv ein kommentar