utviken-1.jpg
Sjette juledag: Mykje snø på Utviken, vardetur med Soffen.


Rakettvitskap — Arild @ 30. desember, 2007






julesno-1.jpg
Tiddelibom


Rakettvitskap — Arild @ 29. desember, 2007






God jul

fellingsløyve-1.jpg
Kva er vel mindre naturleg enn å vise fram onkel O. og p. på sjølvaste julafta?


Rakettvitskap — Arild @ 24. desember, 2007






Grantre står for fall

juletrehogst-1.jpg
Syskenborna Å. og H., hogstmodne

I dag samla vi ihop ein tolv-femten frå slekta for å reise inn i skogen vår og finne juletre. Heile historia, med tilhøyrande dokumentarbilete får komme seinare, men vi kom no ut att frå skogen med to grantre på litt over fem meter kvar (det er høgt under taket her i Gloppen), vi surra dei i bagasjerommet på onkel sin Hi-Ace og køyrde juletrekolonne heim att. Elles: P. har kanskje knekt nasa, og eg har vore på ski med S. i måneskin.


Rakettvitskap — Arild @ 23. desember, 2007






Sogn og Fjordane, alle gode ting er tre

jolsternatt-1.jpg
Femten sekund Jølsternatt, frå heimreisa i går kveld

Hei kor det går. Nokre opplevingar frå Gloppen så langt: Vakna til kald og klar sol, samt diger frukost. Fekk lurt bror min med på tur mot Utsikten og Austrheimsstøylen. Ein kar kom ut frå eit hus og fortalde at det hadde gått eit ras. Vi traska oppover i snøen og kulda, hadde ein flott pause i sola på årets mørkaste dag og kom oss heim att til graut og fyr i peisen. Etter graut leita eg fram skia til andre bror min og fekk meg nokre rundar i løypa på Kleivane, møtte ein ny fyr som skraut av min avdøydde morfar. No sit eg framfor peisen att, venter på meir slekt og meir mat, før eg skal ut og ta ei øl med M. Nesten litt i overkant dette.


Rakettvitskap — Arild @ 22. desember, 2007






Neste side »
This work is licensed under a Creative Commons Attribution-Noncommercial-Share Alike 3.0 Unported License.
(c) 2010 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity