
K.
«Forskarar» kan melde at 86% av britar ikkje føler seg fotogene (eg reknar med dei her snakkar om fotogen i form av å ta seg godt ut på bilete, og ikkje i form av å vere sjølvlysande). Om ikkje lenge vil vel retusjerte familiebilete bli norma, det er vel heller tvilsomt om dette vil føre til betre (sjølv)bilete.
Nerdenotis: Bileta av K. er tekne med mitt nye (men gamle) Olympus Zuiko 55mm f/1.2 – skarpt og blurrete på same tid, nett som på film!
Dagens liste over fine ting:
- The genius of photography er ein knallfin dokumentarserie som går på BBC Four, om (tadah!) fotografiet si historie. Svært oppbyggjelege saker. Ordet på gata er at ein kan laste ned dei seks episodane her.
- The Narrative er ein kjernesunn fotoblogg som eg har klikka innom dei siste par åra. Trykk litt i arkivet, du.
- I dag bør du vere snill med deg sjølv og høyre på Reckoner frå siste Radiohead-plata.
Arild and The Soft Focus Compadres! Du har ikkje fått tak i eit adapter for Holgaobjektivet vel? Yes you can can canon.
Fine bilete, men no må kari klippe seg snart..
Hóla!
Holgaen har jo ikkje nokon objektivfatning, men eg har ein øydelagd 50mm med Canonfatning, så med eit avrøska Holgaobjektiv kunne eg nok laga noko fint i teip (no har no eg uansett lensbabyen min då).
Evt. krav om hårklipp synes eg du bør ta opp direkte med K.
Og du freistar å kjøpe/selge i mitt tempo? Såg annonsa di på foto.no…..
Nuhvel. Eg tenkte nok zuikoen kunne liggje ute ei stund – kan hende eg vil ha ein Canon i staden for