Sen gick det åt skogen – igen

Skrive av Arild den 22. november 2007

evig solskin-1.jpg
Evig solskin på ein plettfri sel (men kvifor sym dei på ryggen?)

Fekk epost frå opphavet med mange utropsteikn, til dømes: “Dei tok skilta!!!!!”. Med så mange utropsteikn skjøna eg at dette var alvorleg. Einkvan hadde opna Poloen og forsynt seg med innhaldet, NRK Sogn og Fjordane er på saka. I den stolte mann-skapte-seg-tylen-tradisjonen kan NRK vidare melde at “godt vaksne sunnfjordingar kosa seg med sterkare saker på rutebilstasjonen i Førde”. Steling og drikking, kva blir det neste i trivselsfylket? Kortspel og dans?

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

4 kommentarar til “Sen gick det åt skogen – igen”

  1. 1mod
    november 23rd, 2007 @ 10:34

    Ingenting er som lokale nyhende! Biltjuvbanden har vore på Sunnmøre også: http://www.storfjordnett.no Forresten heiter det sym på nynorsk - svaret er: fordi det er kjekkast! Og når eg først har byrja: steling, ikkje stjeling.

  2. 2Arild
    november 23rd, 2007 @ 11:30

    Slurveskrifta er retta, takk.

    ..elles minner “dei tok skilta!!!!” meg om “they killed Kenny!!!!”

  3. 3Frk Aasen
    november 23rd, 2007 @ 16:44

    Dessverre kan ein nok skrive svømme på nynorsk no… samt noe, mye, korfor, og sikkert “they killed Kenny!!!!” også snart. Men heller Southpark enn bokmål, anytime.

    Elles er jo vatn, skog og sol kjekke ting, om ein ser vekk frå bygdekriminaliteten :-)

  4. 4mod
    november 24th, 2007 @ 12:13

    Vel, ifølgje ordbøkene på nettet finst ikkje ordet “svømme” i nynorskordboka. Dei andre orda du nemner er derimot lov (men engelsk ikkje enno, og neppe på ei stund).

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

RSS Lygekors på halsen (blog #2)

Andre stader

Arkiv