Skrive av Arild den 7. november 2007

vatn pa� mølla-1.jpg
Fotojobbfoto: Smiling under tidspress og i tre plussgrader

Eg fekk med meg Hylland Eriksen sitt foredrag i regi av Samfunnet i går. Hylland Eriksen snakka om Dei Store Tinga(TM) i samband med prosjektet Kulturell kompleksitet i det nye Norge. Gårsdagens foredrag var i det store og heile via fridom og nyliberalisme. Eg hadde håpa å få nokre nye innspel til hovudoppgåva mi, om valtvang, liberalisme, identitet, menneskelege grunnvilkår og samfunnspatologiar (ja, heile suppedeisen), men det var lite nytt å hente. Her kjem eit par sitat frå det eg les på for tida:

Ulrich Beck: “I vårt samfunn forvandles økonomisk-systemiske motsigelser og konflikter til biografiske og individuelle ”feil”, til tilkortkommenheter av et slag som individet bare har seg selv å takke – klandre – for”

Alain Ehrenberg: “Depresjonen er melankolien i et samfunn der alle er like og frie; depresjonen er sykdommen ved demokratiet og markedsøkonomien par excellence.”

Isolert sett ser dette litt dystert ut, men når ein får trekt nokre linjer og får dytta inn litt meining, vil biletet bli meir nyansert.

Dagens jajamensann: Ei bloggavstemming der LDFMF plutseleg dukka opp, gledeleg.

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

5 kommentarar til “”

  1. 1grublaren
    november 7th, 2007 @ 17:30

    …så du prøver å dytte meining inn i meiningsløysa? ;-) Det gir forsåvidt meining. Om det er det du meiner.

  2. 2Arild
    november 7th, 2007 @ 22:44

    Ah, eg har ein idé om at kollektivet si rolle som meiningsskapar har blitt endra eller i ein viss grad forsvunne, slik at kravet om å skape meining i eige liv er overført enkeltindivida. Noko av bakgrunnen kan ein kanskje finne i utviklinga og framveksten av fridomsillusjonen, altså at kvar og ein er fri til å skape sitt eige liv, utan omsyn til menneskelege grunnføresetnader som avhengighet, døden (og andre skremmande og store ord). Aiai, eg visste eg ikkje skulle prøvd å forklare dette enno. Ikkje krystallklart i skallen, kan du seie.

  3. 3bandanders
    november 11th, 2007 @ 9:36

    Kravet om at kvar enkelt av oss skal konstruere vårt eige univers av det som til ei kvar tid kjem drivande forbi og samstundes stå med totalansvaret for resultatet……Det vert ei ei tung bør på dei fleste av oss, trur no eg..

    Slik sett kan det hende det var enklare den gongen ein hadde lov til å stole på at grovarbeidet vart gjordt på ei vekes tid for nokre tusen år sidan,. Så kunne ein heller nytte tida til andre ting sjølv (Og det måtte ein gjerne, skulle ein overleve)

    Men typisk nok er dette heimespøta tankar (som eg truleg burde ha vit til å halde for meg sjølv)

  4. 4grublaren
    november 11th, 2007 @ 17:10

    …og sjølvsagt heng eg meg opp i eit ord som “spøte”. Fordi det slyngjer meg med kosmisk kraft tilbake til ei verd der grensene gjekk ved steingarden, og livet og døden var fysiske einingar som fyrst breka rundt på måfå, og deretter låg samanrulla i hyssing i farmors store gryte. (Takk bandanders. Alt var betre før.)

    Å definere det udefinerbare er ikkje alltid like lett. Men eg trur du er inne på noko. Noko meiningsfylt :-)

  5. 5bandanders
    november 12th, 2007 @ 11:41

    Høyrde Olav H Hauge lese diktet sitt ”Kveld i november” på P1 i går. (I opptak, sjølvsagt) Du kan høyre forfattaren her:

    mms://mms1.online.no/nobokklpub/mweb/Hauge_kveld.wma

    Trur nok at ein også er på rett veg dersom ein finn meining i å berge den epleslumpen. Det gjeld berre å sjå han mellom alt det ein lyt akseptere som det er.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv