Stein på stein
Skrive av Arild den 3. november 2007

Eggenipa, 1338 m.o.h.
Ein av dei første augustdagane skein det opp, og vi fekk endeleg rota oss opp på Eggenipa. Eg i kremgul pique-trøye og bermudashorts, P. noko meir sensibelt oppdressa.
Ein av dei solide B.T.-fotografane, Oddleiv A., har teke Eggenipa-bilete med eit Holga. Til sommaren vil eg prøve å få dokumentert fleire av slektsfjella.

P. nyt niste og nippar til nypete på den nipete toppen


Langarma sjølvbilete

Både eggete & nipete
3 kommentarar til “Stein på stein”
1H
november 3rd, 2007 @ 16:01
Er det ikkje ei fiskarlue du har på deg på sjølvbilete?
2mod
november 5th, 2007 @ 13:17
Framlegg til endå meir bokstavrim: P. nyt niste og nippar til nypete på den nipete nuten
3Arild
november 7th, 2007 @ 23:05
Godt observert unge H.! Det er ei fiskarhue frå mellomkrigsåra, ein lett måte å sjekke dette på, er å sjå etter den kvite lappen inni - der står det “Lindex 8 - 12 år”.
Frøken D.: Eg gjekk eigentleg etter “nippa te nypete på den nipete”, men nuten gjer seg - sjølvsagt.
Skriv ein kommentar