Stein på stein

Eggenipa, 1338 m.o.h.
Ein av dei første augustdagane skein det opp, og vi fekk endeleg rota oss opp på Eggenipa. Eg i kremgul pique-trøye og bermudashorts, P. noko meir sensibelt oppdressa.
Ein av dei solide B.T.-fotografane, Oddleiv A., har teke Eggenipa-bilete med eit Holga. Til sommaren vil eg prøve å få dokumentert fleire av slektsfjella.

P. nyt niste og nippar til nypete på den nipete toppen


Langarma sjølvbilete

Både eggete & nipete
Er det ikkje ei fiskarlue du har på deg på sjølvbilete?
Framlegg til endå meir bokstavrim: P. nyt niste og nippar til nypete på den nipete nuten
Godt observert unge H.! Det er ei fiskarhue frå mellomkrigsåra, ein lett måte å sjekke dette på, er å sjå etter den kvite lappen inni – der står det «Lindex 8 – 12 år».
Frøken D.: Eg gjekk eigentleg etter «nippa te nypete på den nipete», men nuten gjer seg – sjølvsagt.