pipe-1.jpg


Rakettvitskap — Arild @ 29. november, 2007






kari4 - -1.jpg kari4 - -2.jpg
K.

«Forskarar» kan melde at 86% av britar ikkje føler seg fotogene (eg reknar med dei her snakkar om fotogen i form av å ta seg godt ut på bilete, og ikkje i form av å vere sjølvlysande). Om ikkje lenge vil vel retusjerte familiebilete bli norma, det er vel heller tvilsomt om dette vil føre til betre (sjølv)bilete.

Nerdenotis: Bileta av K. er tekne med mitt nye (men gamle) Olympus Zuiko 55mm f/1.2 – skarpt og blurrete på same tid, nett som på film!

Dagens liste over fine ting:

  • The genius of photography er ein knallfin dokumentarserie som går på BBC Four, om (tadah!) fotografiet si historie. Svært oppbyggjelege saker. Ordet på gata er at ein kan laste ned dei seks episodane her.
  • The Narrative er ein kjernesunn fotoblogg som eg har klikka innom dei siste par åra. Trykk litt i arkivet, du.
  • I dag bør du vere snill med deg sjølv og høyre på Reckoner frå siste Radiohead-plata.

Rakettvitskap — Arild @ 27. november, 2007






Fløyen – liten blåtur

fløyen-1.jpg
Fløy en liten blåfugl / Fløyen – liten blåtur

I den stolte norske forteljartradisjonen «då var eg der, no er eg her» er vi i dag kome til forteljinga om Fløyen, Revurtjern og Brushytten. Det var kaldt, det snødde, det var fint og no er eg heime.


Rakettvitskap — Merkelappar: , , , , — Arild @ 25. november, 2007






Sen gick det åt skogen – igen

evig solskin-1.jpg
Evig solskin på ein plettfri sel (men kvifor sym dei på ryggen?)

Fekk epost frå opphavet med mange utropsteikn, til dømes: «Dei tok skilta!!!!!». Med så mange utropsteikn skjøna eg at dette var alvorleg. Einkvan hadde opna Poloen og forsynt seg med innhaldet, NRK Sogn og Fjordane er på saka. I den stolte mann-skapte-seg-tylen-tradisjonen kan NRK vidare melde at «godt vaksne sunnfjordingar kosa seg med sterkare saker på rutebilstasjonen i Førde». Steling og drikking, kva blir det neste i trivselsfylket? Kortspel og dans?


Rakettvitskap — Arild @ 22. november, 2007






koo-1.jpg
En ko / Tamkvæg

Til deg som kasta ein murstein + lapp med ynskje om fleire dyrebilete inn gjennom glaset i dag: Her. Send mail neste gong, er du snill.
Til dåkke andre: Sjå på denne fine fotobloggen, ein fyr med galne evner (mad skillz) som tek bilete av ein ny person kvar dag i eitt år – for å seie det med Aretha Franklin: R.E.S.E.P.T.


Rakettvitskap — Arild @ 21. november, 2007






Neste side »
This work is licensed under a Creative Commons Attribution-Noncommercial-Share Alike 3.0 Unported License.
(c) 2010 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity