Nokre gode ting er to
Skrive av Arild den 11. september 2007

Erlend, Oslo 2007

Erlend, Sandane 2003
Attende i Bergen etter Osloturen. Eg prøver å få eit meir positivt inntrykk av hovudstaden, og kanskje er det no slik at det gamle (og svært lite brukte) ordtaket om å “heller ville møte ein tiger i staden for Tigerstaden” no ikkje stemmer lenger? Det var i alle fall mykje godtfolk å møte i Oslo, både vener og slekt. Eg knipsa nokre bilete, mellom anna dette av E. laurdag morgon, før første konfirmasjon. Biletet minna meg om eit anna eg tok av E. då han budde på Sandane, vi får sjå om vi ikkje kan lage ein tradisjon ut av det.
3 kommentarar til “Nokre gode ting er to”
1systa
september 11th, 2007 @ 23:30
Han lev opp til namnet- og det er nydeleg! Karsleg kar der altså!
2hmm..
oktober 1st, 2007 @ 0:44
…inspirert av Esko Männikö? Vasa rundt på Bergen Kunstmuseum då det dukka opp ein serie miljøskildringar som minte svært om 07- varianten over her. Berre at dette biletet er betre. Way to go!
3Arild
oktober 9th, 2007 @ 21:11
(litt sein i svaringa her, gitt). Eg hadde ikkje høyrd om han Esko ein gong - googla han sjølvsagt no. Kan hende eg bør ta turen innan kunstmuseumet att.
Skriv ein kommentar