Stenbit og seien og torsk og skreien, og nise
Skrive av Arild den 3. september 2007

Big bit
Greit, kan hende nokon™ har vore ein snartur på Akvariet, moro for ungane. Tittelen er vel ei av dei meir kuriøse tekstlinjene i ein relativt kjend Petter Dass-salme, tipp då! Tipp då!
13 kommentarar til “Stenbit og seien og torsk og skreien, og nise”
1bandanders
september 3rd, 2007 @ 23:08
Er ikkje dette henta frå “Herre Gud ditt dyre navn og ære” då ? Men veit du kven “Tanteyen “som løper leien er ? (Omtala i den føregåande tekstlina)
2Tante Tei
september 3rd, 2007 @ 23:20
kva fisk ordet “tanteien” peikar på, er det faktisk ikkje noko godt vitskapleg eller språkleg svar på. Det er vel mest truleg P. Dass sitt utrykk for “resten av fiskane i havet”….eller det som er att i havet når du fjernar det som har namn.
3systa
september 4th, 2007 @ 8:19
er du ofte innom akvariet?
4mod
september 4th, 2007 @ 11:34
Synest det er smått diskrimnerande å kome med spørsmål frå salmar - kva med oss stakkars heidningar? ;p
5bandanders
september 4th, 2007 @ 11:48
Sjå der, ja. “Tanteyen”=”røkla” med andre ord ?
6Lille trille -i akvariet
september 4th, 2007 @ 20:57
Fall knas pladask for denne go’biten av eit steinandlet, med eit blikk ikkje ein gong Herr Dass hadde fått skvisa inn mellom tant og tare i eit gjennomsnittleg ramse-rim. Eit skikkeleg sjarmtroll
7janne
september 6th, 2007 @ 1:46
Førelesaren vår sang faktisk denne salma for oss i dag. For kvar dag som går, vert eg meir og meir imponert over livet på Universitetet. Salmar kan dei - men å finne nøkkelkort til auditorium - eller hanskast med noko meir teknologisk enn lysplansjar? Nei det ..
8mh
september 6th, 2007 @ 8:26
Var det barokk- mannen? Har eit vagt minne om ein tilsvarande seanse på nordisk for nokre år sidan… inkludert lysark og komplekse prinsipp som nøklar i plast.
9bandanders
september 6th, 2007 @ 15:16
Om livet på univerisetet veit eg lite. Derimor veit eg litt om dei fantastiske muligheitene data- og anna høgteknologi gjev oss i skuleverket. Men det eg veit mest om, og har store mengder førstehands kjennskap til, er dei botnlause fiaskoane ein utset seg for ved å stole på herlegdomen. Nei takke meg til Petter Dass, tavle,og krit. Så får vi heller nytte teknologien til koselege ting. Slik som å kike innom, lese og kommentere på “arild.paraply.”
10janne
september 7th, 2007 @ 1:46
mh: Neimen om eg var klar over at mannen hadde eit kallenamn. Barokk-mannen, faktisk (: Det må vere same karen, ja. Faget er i alle fall rett, sidan eg går nordisk nuh. Eg mistenkjer han derimot ikkje for å ha tørrtrena i heimen i forkant av seansen .. Men litt applaus fekk han. Alle pauseinnslag blant alle framandorda hans er vert ein applaus.
11E.
september 10th, 2007 @ 20:20
Som tidlegare nordiskstudent lurer eg på om denne barokk-mannen er Jørgen Sejersted (ja, son av far sin), den einaste på inst. eg veit har særleg greie på barokksalmar. Kan det stemme? (Han skreiv hovudfag om salmar frå denne tida…trur eg)
12janne
september 12th, 2007 @ 1:17
Jørgen er jo festeleg (: Men det var ikkje han som braut ut i sang, nei. Songfuglen har noko kortare hår. For å vere heilt nøyaktig: http://www.uib.no/info/dr_grad/2005/GujordHeming.htm Men Sejersted er nok den mest entusiastiske førelesaren vi har. Han likar vi (: Hadde han berre snakka litt seinare, slik at eg fekk notert alt saman.
13mh
september 14th, 2007 @ 12:45
Eg innbiller meg at begge song litt til tider? Utan at vi nokonsinne mistenkte dei for å øve… I alle fall var det Herr Sejersted som gjekk av med sigeren, og vann plassen som den syngjande barokk- mannen i mitt minne. Fargerik kar!
Skriv ein kommentar