Sandanesommar

Skrive av Arild den 28. juli 2007

flying high-1.jpg
Easy E. flyr høgt

Ved hjelp av Fylkesbaatane, Firda billag og Eli & Tore sin 2CV (som dei bytta til seg på fest, men det er ei anna historie) kom eg meg til feriehuset på Sandane. Svært lett å bli glad i 2CV´en, diverre har den eit par manglar - vindusviskarane har tatt kvelden, så eg måtte viske med handa dei åtte mila frå Førde, litt kaldt i lengda, og på veg til tennisspeling i går datt førarsetet ut når eg sette meg - alt blir fiksa med hammar og sigd.

Vi har vore her nokre dagar no og fått tid til eit par tenniskampar, blinkskyting med G. sitt malayiske blåserør, fotball på hauen, tur til Ryssdalshornet (1201), båtmotorfiksing med påfølgjande båtmotorfisking (lånte Kollen sin) samt ein del klaging og syting over veiret (nett no: elleve grader og regn). Om veiret blir betre blir det fotosafari i velstandsfylket i 2CV´en, og helst eit par fjellturar til, A4-sommar.

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

3 kommentarar til “Sandanesommar”

  1. 1G
    juli 29th, 2007 @ 23:09

    Malaysia, malaysiske. Eg har då ikkje vore i Afrika enno.

  2. 2LE
    oktober 28th, 2007 @ 0:57

    Hehe. Kan skrive under på at den bilen har sjarm!
    Synest forresten at blitzzholderane gjorde ein god jobb på tennisbilda;)
    Hehe. LE

  3. 3Arild
    oktober 28th, 2007 @ 13:16

    Bilen tek inn meir vatn enn Blücher på sine eldre dagar, men sjarme har den!

    blitzhaldarane var svært selskapelege, og ein bør gjenta suksessen til jula, eller noko slikt.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv