Eg har trylla med autistar på Fusa ungdomshus
Skrive av Arild den 8. juli 2007

Hokus-pokus i Hålandsdalen, ungdomshuset er det lille raude
I fjor dansa eg, i år utvida eg repertoaret med trylling. Med hjelp frå eit par einegga tvillingar trylla eg ein person frå eine enden av scena til den andre - hepp! Eg er med andre ord attende i sivilisasjonen eit par dagar, før eg seinare i dag reiser opp att til fjellstova og siste sommarleir for sesongen. Eg kan diverre ikkje poste andre bilete frå leirane, men det har i år som i fjor vore storslagent.
Det var elles moro å oppdage at J. har oppdaga bloggen, og liker det ho ser/les. Eg føler stjernenykkene trenge seg på og har allereie byrja bruke solbriller inne.
5 kommentarar til “Eg har trylla med autistar på Fusa ungdomshus”
1K.
juli 8th, 2007 @ 20:34
Velfortente lovord, vi er mange som jamleg er innom…
2Janne
juli 9th, 2007 @ 16:12
Eg likar å ta litt av æra for å finne ein såpass bra blogg - om det så var gjennom eit ord som “skeinebrett” (: Og ja, velfortent. Du skriv ikkje så mykje, men du kjem med eit ordspel nesten kvar gong. Mistenkjer deg i alle fall for å vere ein flinakare overskrift-forfattar enn kva eg er.
3Janne
juli 9th, 2007 @ 16:13
Og av ein eller annan mystisk grunn klarar eg å flette inn ein trykkleif i kvar kommentar eg skriv til deg.. Magisk, ja.
4Inger-Anne og Kristine
juli 13th, 2007 @ 12:36
Å kor gjerne vi skulle ha sett deg trylle! Vi ser det levande for oss… (Vi trur vi veit kven du trylla vekk og fram att!) Synd vi ikkje jobbar på samme leir i år, det hadde vore storvegs! Vi skal på leir 3 og gler oss sikkert like mykje som ungane. Kos deg på neste leir! Korleis går det med brunfargen i år forresten? Vi snakkast!
5Arild
august 13th, 2007 @ 23:18
Hm, godt gjort å ikkje treffe på søstrene på leir - i og med at eg no har vore innom leir 1, 2 & 4(!). Ingen brunfarge er observert - men myggen bit i alle fall godt.
Skriv ein kommentar