Grillkull
Skrive av Arild den 11. juni 2007

Frå torsdagens kullavslutningsfest hjå oss, grilling i gata før vi kom oss i hus
Etter fire fine år har vi eitt fint år att. Det som no gjenstår er eksternpraksis og hovudoppgåveskriving. Sidan alle ikkje er like glade i Bergen som meg er det fleire som no pakkar pøet, set seg på sin høge hest og rir til nye jaktmarker (kanskje med grønare gras? Då blir i alle fall hesten glad, men no snakkar eg meg vekk). Så, folk forsvinn - og vi måtte samlast først. Kjekt var det.
Skriv ein kommentar