Slagverk & Øyreverk / praktverk & makkverk

blitzvegg-1.jpg
M. & S. – på veg heim frå kveldens nattjazz, utsette for mine nyerverva blitztriks

Nattjazzen rullar vidare, kom nett heim etter den sjette jazznatta. Eg har følelsen av at programmet var betre i fjor, litt jamnare kan hende – men opplevinga mi i år blir nok òg farga av mine betente bihuler, verkande øyre og såre hals. Eg drikk liter på liter med honningmjølk, går med skjerf, held meg unna fyll og spetakkel – men frisk blir eg ikkje. I morgon skal eg teste ut hue og urtete. Attende til jazznettene – det har vore ein del kvalitetstromming og i går var det sjelfulllt og fint med Sharon Jones & the Dap Kings, det ordnar seg nok i år òg.


Rakettvitskap — Arild @ 29. mai, 2007

0 Comments »

Ingen innspel enno.

RSS-nyheitsstraum med innspel til dette innlegget. TrackBack URI

Legg att eit innspel







Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity